Sider

tirsdag 3. september 2013

Chinatown

Har vore innom Chinatown eit par gonger før, men det var fyrst ved 3 forsøk at eg kom til rette staden og fekk litt følelsen frå Shanghai:) Det meste er anleis i Chinatown enn det verkelege Kina, men noko var og likt, og eg kjende eg blei GLAD av å vere der (les: eg saknar å vandre rundt i gatene i Shanghai!). No jobba dei med å pynte til fest (trur eg) og reknar då med at det er den kommande moon cake festivalen som er på programmet: 
Desse låg klare til å bli hengt opp i dei trangare gatene/ bodgatene, der ein får kjøpt alt mogleg til 3 for 10 SGD:) 
Eg og Lise var på jakt etter massasje og manikyr/pedikyr som kunne matcha prisane i Shanghai og tenkte at Chainatown måtte vere rette staden å leite...Me gjekk inn på den fyrste plassen me kom over som såg ganske ok ut og Lise valgte behandlingen. Ho angra ganske bra etterpå, for ikkje skjønte ho at ho hadde valgt detoxing av kroppen og der den tradisjonelle kinesiske medisinaren etterpå skulle fortelje ho (oss) alt som var i ubalanse i kroppen... :) Eg tykte det var artig då eg også fekk friska opp litt i akupunkturkunnskapen min som har lagt litt i dvale dei siste åra. Det som er å leggja merke til her i Singapore, er at eg har sett mange TCM (tradisjonell kinesisk medisin) klinikkar, mot i Shanghai der eg ikkje såg det i det heile tatt (okei då, stod kanskje på kinesisk og då forstod eg det ikkje...??)
 Her fant me nokre fine skulpturar:
 Nokre kinaminner frå Chinatown som gjer meg glad:




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar