Sider

tirsdag 24. september 2013

Joggetur med hjarta i halsen

Dagane her byrjar med å fylgje ungane på skulen (er veldig mange som tek skulebuss, men foreløbig så er det alt for skummelt for oss).  Skulevegen er ca 1,5 km og med sparkesykkel og gjennom diverse (trege!!) lyskryss tek det oss 10-15 minuttar.  Då er eg ganske så god og varm allereie så det er fint å fortsetja litt. Varmen har ikkje vore så veldig til hinder enno, men merkar stor forskjell når temperaturen går over 30 grader og når den er rett under. Om det regnar så kan temperaturen gå "heilt" ned i 25 grader, så det blir jo ein god ting med regntida som ventar oss... 

Ettersom Lars Petter har vore vekke eit par dagar no, har eg hatt bilen til disposisjon, og då nytta eg høve igår til å reisa til Mc Ritchie for ein joggetur. Det er eit naturreservat som det bla anna er ein 11 km sti/veg rundt (for det meste mjukt underlag) som er heilt strålandes for ein treningstur: 
 Inne i skogen, herligt underlag, ikkje noko støy frå storbyen...:
 Ca halvvegs kjem ein til eit opnare omårde:
 Og får ei golfbane på sida ein periode:
MEN, det som er greia, sjølv om dette er den IDYLLEN i utganspunktet så er det ikkje berre berre å jogge rundt der for meg ein kvardag- var alt for få andre folk rundt der samstundes.(Eg var også rundt i helga, men då såg eg folk til alle tider og som regel litt for mange slik at det var litt kø også nokre stader). Dette er jo eit naturreservat med diverse fine og mindre kjekke dyr å møta på. Det kryr av apekattar, sommerfuglar, fuglar, lizardar i ok storleikar og i mindre ok storleikar og slangar! Ikkje at det kryr av slangar (vel, det trur eg ihvert fall ikkje), men det er slangar der, og 50% av dei eg har snakka med har treft på slangar på sin runde rundt vatnet...
Fyrste 5 km igår gjekk greit, traff på folk slik rundt kvar andre sving, men etterkvart så blei det lengre og leeengre i mellom, og eg blei då meir og meir redd for alle desse dyra som kraup nærmare og nærmare meg... Eg gjekk over frå ein roleg langtur til eit tempodrag siste 3 km, og då eg var i litt god konsentrasjon over ein bakketopp så rasla det noko veldig i kanten:
Det var ein (for meg) giga lizzard... gosh! herreminhatt! eg blir jo heilt svimmel... har heldigvis sett nokon før (mindre forsåvidt).  Eg måtte jo snu meg og sjå litt nærmare på den og åtvara dei to damene som kom rett bak meg. Eg tenkte eg måtta ha eit bilete og lista meg litt nærmare, men då fresa han til meg så eg droppa det... Sjå på halen! den var over 1 meter lang og eg sikker på at kroppen var ein meter og, dette er jo reine krokodillen.

Ja, ja, var heldigvis mest framme når dette inntraff, og endå meir heldigvis så var det litt meir folksomt på slutten... Eg såg ingen slangar, hverken dei som likar seg oppe i trea (såg på bileter som hang ved starten av parken, tenkt å gjera det mot seg sjølv før - burde jo venta til etterpå) eller dei som snik seg langs bakken. Om eg gjer dette igjen er eg usikker på, men det er jo så kjipt å velja asfalt framfor skog og mark!

1 kommentar:

  1. Betre å treffa på villdyr, enn vill menn!! Du er tøff som tørr å jogga rundt slik åleina. Fine bilder!

    SvarSlett