Sider

torsdag 5. september 2013

Lynnedslag

Eg gjekk heimover ikveld, og såg det var skikkeleg trafikkork i Orchard Road. Tenkte fyrst det var ein typisk regnfull ettermiddag i Singapore (er bra med trafikk her  til vanleg, men når det regnar så blir det veldig ille), men ved nærare ettersyn var det eit naturfenomen som forårsaka denne korken... Har regna godt i heile dag i saman med lyn og torden store delar av dagen. Eg har eit avlappa forhold til lynnedslag i utgangspunktet, men no blei det litt anleis. Midt i hovudgata her i Singapore så slo lynet ned i eit stort tre, og det datt rett ut i vegen (heldigvis ikkje inn på fortauet...): 
 Det var ikkje noko lite tre heller:
To bilar var råka. Her står ein litt stressa taxisjåfør som røyke i eitt og snakka i mobilen. Bilen hans hadde fått nokre bulkar her og der, men ellers kom han ifrå det med "skrekken":
Den andre bilen stod det litt verre til med. Men så langt eg kunne sjå, hadde begge bilane unngått dei største greinene på treet, og såleis ikkje dei store personskadene...:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar