Sider

søndag 8. september 2013

Rawa Island

Forrige helg var me i Indonesia så denne helga tok me turen til Malaysia...:) Nermare bestemt Rawa Island. Fredag fekk ungane fri frå skulen og me satte oss i bilen 05.30 for å rekkje båten som skulle ta oss ut til Rawa 3,5 time seinare. Turen til Mersing (der me parkerte bilen) gjekk heilt knirkefritt, og når me etter 20 min i båt kom til denne staden, så følte me at me var komne til paradis:)
 Idyll, idyll, idyll....:
Så her, på denne stranda tilbrakte me to heile dagar og ein morgonstund. Solveig og Fredrik tilbrakte meir tid i vatnet enn på land...  Fredrik blei litt kald innimellom, men fekk fort varmen opp igjen og klar for nye oppdrag om det var snorkling (kjempebra!), graving i sand, hopping frå brygga, eller ein ny runde i sklia. Og me budde i huset de ser under palmen: 
Så var eventyret over og me er på fullfart på veg mot fastlandet igjen:
Rawa Island var heilt strålandes vakkert, og det var skikkeleg trist å reisa frå eit slikt paradis. Lars Petter hadde fyrste dagen i mans minne utan å vere på internett i det heile tatt, og det einaste me måtte prøve å rekke var frukost, lunsj og middag:) Eit lite skår i gleda var at me gløymde kameraet vårt... grrrr, så det blei med iphone bileter. Ein slik stad burde absolutt blitt foreviga med vårt betre kamera, men det får bli neste gong...??:)


1 kommentar:

  1. For noen turen dere gjør, og for noen muligheter rundt Singapore!! WOW!! Misunnelig:) NYYYYYYT, dette året kommer til å gååååå altfor fort tror jeg. Nå har jeg fått innvilget ferien min i nov, så Shanghai blir det iallefall på meg. Håper å se dere der!

    SvarSlett