Sider

søndag 29. september 2013

Singapore International Triathlon

Så var me klare for haustens triathlon på East Coast her i Singapore. Lars Petter som deltakar og Fredrik og Solveig som support...: 
Svelvik stilte med to bønder til start i dag, her i samtale kring dagens løpsopplegg:) 
 Ingenting å sei på konstentrasjonen til Lars Petter på startstreken:
 viktig med ein god start!
 for det var til tider ganske trangt om plassen...:
Så er Christian igong, starta eit par puljer bak Lars Petter og har her starta jakten på å ta att sambygdingen:) 
Det er krevjande å vera support, og av og til blir det det litt lenge å venta. Så me måtte ta ein dukkert innimellom (som gjorde at me missa eit par sykkelpasseringar.... usj) og leika litt i sanden og med andre ting som baud seg i området:
Syklinga fekk me lite bileter frå (litt dårleg konsentrasjon frå fotografen si sida) så då hoppar me rett over til siste 10 km som gjekk til fots (1,5 km symjing, 40 km sykling og 10 km løp). Dette blei den tøffaste delen i dag. Dagen starta fint med 25 grader og regn, men så letta skyene, sola kom fram, temperaturen steig til fleire grader over 30 talet og det tek på både for support og utøvar:)
Så no ventar me på at resultata skal koma på internett så me kan gå gjennom dagens tider, samt at me lurer og ventar på om tannfeen kjem hit i natt. Solveig har nemleg mista ennå ei tann... Spørst om tannfeen gir lika mykje her i Singapore som den gjorde hjå farmor og farfar i sumar...:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar