Sider

torsdag 31. oktober 2013

Happy Depavali

I mange veker har "Little India" her i Singapore vore pynta for fest, og i dag her den største dagen her. For hinduar er Depavali ein av dei viktigaste feiringa gjennom året og det er national fridag i mange asiatiske land inkludert Singapore. 
Eg og ein annan mamma i klassen til Fredrik reiste til Little India for å sjå på "pynten" og sjekke ut eit marked som er spesielt for denne tida: 
Me prøvde å lukte på blomane som dei laga desse flotte blomsterkransane med. Då blei me ganske bestemt avfeid av ei grei dame (som jo forstod at me ikkje visste betre) ho fortalde oss at dette var for gudane og at me ikkje skulle gå rundt og stikka nasen borti her... Ho klipte av ein liten jasmin blom til oss som me kunne ta med vidare og lukte på så lenge me ville...: 
 Dei fleste andre blomar var av plastik og ikkje så interesange å lukte på...
Trangt om plassen ja! og innimellom alle desse fargane og bodane så var det mange skuleklassar som var på tur... i 35 grader og ikkje ein cm til overs i gata så pressa dei seg gjennom.... De kan sjå ein skuleklasse som vandrar innimellom alle uroane som heng ned:
 Det er fargerikt i Little India!

Og om ikkje så lenge så byrjar ein av dei største festane for oss iår. Farmor og farfar er no på flyet og nermar seg veldig Singapore. Det blir sååååå stas med besøk:)


Bukit Timah 163 moh

Har funne fjelltoppen no altså. Skreiv ein gong tidlegare at me prøvde, men ikkje fant heilt fram... Men no byrjar eg å bli kjend i "fjellområdet" etter å ha vore der 3 gongar og her er biletebevis på at eg nådde toppen:)
Ikkje rare høgdemeterane kanskje, ei heller den beste utsikten.... Som de ser bak meg så kom eg ikkje over tregrensa, og trea er høge her. Men det er flotte stiar i skogen, mange moglegheiter for å få trappetrening: 
Eg tok ein liten "avstikkar" frå hovudløypene og då kom eg plutseleg til eit litt meir ope område med ein liten innsjø. Og bilete som eg har sett i guidboka dukka plutseleg opp rett framfor meg (for det er ofte slik, at guidbøkene viser heilt andre bileter enn dei eg sjølv ser når eg oppsøker stadene..??): 
Her var det ein pavallion der nokon hadde ein stille morgonstund med yoga og kunne nyte utsikten mot Singapores høgste punkt som er heilt bakerst i bilete (høge mastene):
På veg mot bilen att så møtte eg dette skiltet (er mykje brattare enn det ser ut til altså) så det var fristande å gjera som mange kinesare, gå baklengs:
og endå lengre ned i bakken så rasla det i kanten og der var det ein rimleg stor lizzard (som vanleg...). Eg blir alltid lika redd og like facinert. Dei er som små krokodillar for meg! men denne fresa ikkje slik den gigalizarden eg møtte rundt Mc Ritchie tidlegare... 




søndag 27. oktober 2013

Fredrik stuper

Med nytt kamera i hus, så er det morro å filma frå litt andre element enn ein gjer til vanleg:)

Bar Stories

Om du skal på bar/ pub i Singapore, så er "Bar Stories" ein av dei! Bar Stories ligg i Haji Lane, som er paralellgata til Arab Street, med andre ord så er ein då i ein av dei meir eksotisk delane av Singapore:) Haji Lane er ei gågate på eit par hundre meter, mykje cafe/ restaurant, ein del shopping og mykje pub/ bar. Det er alkoholfrie soner der som har bytt ut alkohol med vatnpiper (vatn??), og så har ein Bar Stories som er ein litt anna type bar: 
Bar Stories opererar ikkje med meny, altså drink meny, du seier kva du likar av søtt/salt/surt/ og ellers  om ein likar chili eller mynte, lemongras eller tequila, rom eller øl... Etter eit aldri så lite intervjuv, set denne karen saman ein drink som skal vera perfekt for deg: 
 og perfekt blei det!






tirsdag 22. oktober 2013

Ut med parkeringskjellar

Når pengar ikkje er noko begrensande faktor, så kvifor iall verden skal ein då parkera bilen langt vekk frå leiligheiten sin? Dette er sikkert ikkje det fyrste huset i verden der ein i 20 etg også kan gå rett frå garasjen og inn ei dør til leiligheiten sin, men det er det fyrste huset eg har sett:) To bileter teke medan me køyrer forbi, så desverre litt langt ifrå, men eg tenkjer det er godt nok til at de ser kva står parkert : 
 Raud Ferrari? Gul Porche?:)

mandag 21. oktober 2013

Thailand

Me hadde tre dagar i Khao Lak og det er selvfølgeleg noko knapt med tid. Men me føler me fekk eit godt inntrykk av kva Thailand har å by på, og det er absolutt ein stad me gjerne reiser attende til! Me valgte å bli på resorten og omegn fyrste og siste dagen, men den i midten booka me oss inn på tur til Similian Island. Det er ei øygruppe som ligg ca 1,5 time i 25-30 knop (??) rett ut i havet frå Phang Nga som båten gjekk ifrå, eller meir nøyaktig 70 km:) Similian Island blir skrytt opp i skyene av alt og alle med tanke på dykking/ snorkling og vakre strender. Me opplevde ikkje snorklingen så fantastisk som me var forespegla. Det kan vera noko med oss? eller med tida på året? eller stadene me blei satt av på denne dagen... men strendene er jo berre som henta rettt ut frå eit postkort. Det som me ikkje var heilt forberedt på var mengden mennesker som blei frakta ut til denne øygruppa på same tida... Me var ca 40 i vår båt, og det var kring 15 andre båtar som køyrte ut dit på likt med oss. Det burde gått veldig fint om dei fordelte seg utover dei 9 øyene og dei ulike snorklestadene, men det verka som dei la opp til å vera mest mogleg på dei same stadene til same tida, som igjen førte til at det krydde av folk både til lands og til vans (snorkling) og det øydela litt av sjarmen med å vera på "ei øde øy"..... 

Her er eit av kjennemerka på øygruppa, ein kjempestein som blei liggjande att slik etter at isen drog sin veg:)
Me var i land på to strender og me snorkla på to ulike stader. Har skaffa oss eit kamera til å ta bileter/ filmar i vatnet med. Men når teknologien svikta meg ikveld får eg ikkje lagt ut den eigenproduserte snorkle videoen (søren og altso!:) ) så då blir det med nokre strandbileter: 

Så var me attende i Khao Lak, på stranda ved hotellet der det var lite folk men store bylgjer, og tid for å lære seg og sufe på dei:
Fredrik er klar: 
 så er han igong:
 padlar så godt han kan og jobbar med å holde balansen:
 det går så det susar:
 :)
Ein blir også ganske sliten av å bada så mykje, så godt det ikkje er langt til nærmaste bar, me snur oss rundt frå stranda og går 30 meter opp mot bassenget og der - midt uti bassenget var det råd med tørsten:)
Eg var aaalt for treg med å utforske massasje tilbodet i området, siste dagen gjekk me innom "Silk Spa" og både Fredrik og Solveig ville gjerne vera med på ein times klassisk thai massasje. Det vil sei, eg forhandla ned tida til ein halvtime (trudde jo ungane skulle bli leie etter 5 min) men undervegs gjekk me attende til den timen som er vanleg, og endog prøvde ungane seg på om me kunne bli der i to timar:) Eg og Solveig får vaska vekk sanden:
før me får lagt oss ned og slappa av litt, Fredrik sovna etter ei lita stund... og etter ei lita stund til sov Solveig og... Dei som kjenner Solveig veit at ho ikkje søv lett, og tenkt, medan ho blei massert! Det var heilt eineståande god massasje!
Så etter me hadde vakna og kome til oss sjølv igjen etter ein herleg time med thai massasje, tusla me inn igjen til hotellet godt passa på av desse majestetiske vaktene:

fredag 18. oktober 2013

Weekend tur til Khao Lak, Thailand

Det er haustferie for ungane og sidan me ikkje kan reise på fjellet eller til Vik, så valgte me Thailand og Khao Lak... Det var ikkje akkurat slik det var, men kanskje ikkje så langt ifrå sanninga. Me ynskjer jo å vitja dei nærliggjande landa når me fyrst bur i Singapore, og når Lars Petter skulle til Thailand i jobbsamanheng når det var haustferie, så passa det oss svært bra og bli med. Jobbturen blei imidlertid avlyst etter at me hadde bestilt og betalt flybillettar, men heldigvis så blei ikkje haustferien avlyst. 

Me er ikkje dei som sjekkar mest opp i ting og tang før me reiser, så når me satte oss på flyet igår, trudde me at det var Phuket me skulle til, men det var altså Khao Lak, 1.5 time køyretid frå flyplassen i Phuket... Når me så kom fram til innlosjeringsstaden vår, var det absolutt ingen ting å sei på stemninga: 
 Her på JW Marriott er det berre vakkert:
 Me går ein fin morgentur for å kome oss til frukosten:
 Så var det tid for bading bading og bading, mykje morro med bylgjer:
På dagens program var bodyboard: 
Ivrige born, men sidan det var litt for mykje steinar og skjell "ivegen" når det var flo, så blei det nokon småskadar på liten (og på stor, eg blei og slått ned av ei bølgje i dag!):
 Stemning frå solsenga:
Og litt stemning frå havet: 
Me kan velja mellom å innta måltidene på hotellet, eller på små lokale sjapper langs stranda til 1/5 av prisen: 
I ettermiddag har me vore på "shoppingtur" til Khao Lak sentrum. Greit å ha vore der, men fristar ikkje så veldig til gjentagelse. Flott kveldsstemning når me kom attende til hotellet:

mandag 14. oktober 2013

Ute å lufte fuglane

Kjenner at det hadde gjordt godt med ein kjøleg og frisk dag snart! Det er varmt her og ein blir daff og tiltakslaus. Det er mest fristande å reise til East Coast Park der det er sjø og ein bris frå havet. Men så blir eg meir nøgd med utflukta om me har sett ein ny stad, så igår tok me imot tips og vitja ein ny park. Så når me berre kjem oss oppå sykkelen så går turen mykje greiare:)
 Dagens park var Bishan-Ang Mo Kio Park:
 Kom oss ut til ein meir "lokal" del av byen der boligblokken minna oss litt om Shanghai i storleik:
Men det er ikkje ungane overskrifta sikta til, nei det var faktisk ganske mange som bokstavleg talt var ute å lufta fuglane sine! Blei litt på avstand eg fekk tatt bileter, men de kan skimta ein pappegøye som sit på stolpen sin og fremst til venstre i bilete er det ein kar som står med ei fløyte og ein annan som tek imot fuglene sin etter at han har vore på ein flytur:
Dei holdt på lenge, me høyrte fløyter heile tida og såg både pappegøyen og mange andre fuglar fly kring oss. Men akkurat når eg tok bileter så fekk fugleluftarane besøk av politiet:
Som stoppa morroa i hvert fall for ein periode. Me var på veg heimover når dette inntraff, så me veit ikkje om dette var ein ulovleg aktivitet som blei stoppa (?) eller berre nokre overivrige betjentar som var ute og sjekka lov og orden:)
 Såpebobler er alltid suksee:


lørdag 12. oktober 2013

United Nations Day

Forrige fredag feira Elementary School (barneskulen) Unitetd Nations Day, og denne fredagen var det Fredrik og Kindergarten sin tur.
OFS, Overseas Family School, opna i 1991 og hadde då 91 elevar. Deretter har elevtalet auka jevnt og trutt og har i dag over 3600 elevar frå 73 land, så då kan ein jo testa flaggkunnskapen sin når ein er i audituoriumet på skulen:) 
Borna skulle kle seg i nationaldrakt eller i fargar som gjenspeglar fargane i flagget til fedrelandet. Det var jo den den eine av to dagar me absolutt skulle hatt med bunaden hit! Men den tok me til Norge for årets 17 mai, og var ganske einige om at dei er alt for varme å gå med her i Singapore. Det er dei jo, 34 grader denne dagen, så svart stakk hadde ikkje vore ideelt... 

Det var ikkje utan tårer i augo eg stod der og kikka på alle borna og mine spesielt når dei spelte "We are The World" og dei kom gåande inn i auditoriumet. Etterpå var det diverse underholdning blandt anna at alle borna framførte ein song ilag: 

Her er klassen til Solveig samla etter den fellesarrangementet: 

 Solveig ilag med 3 av jentene i klassen, to frå India og ei frå Australia:
 Nokon av skøyarane i klassen til Solveig, Australia, England, Japan og India:
 Mange flotte drakter å sjå, spesilet frå India og Japan:)
 Det me missa på nationaldrakt, prøvde me å ta att i hårsveisen:)
Så er det kindergarten sin tur. K2, dvs 5 åringane (Fredrik går i K1), sat på scenen og underholdt med song og dans, mendan Fredrik og dei andre K1 hadde nok med å marsjera inn, ha flaggborg og deretter sitja og sjå på: 
 Flotte jenter i flotte klede, ganske tøffe og. Stå på scena og syngja for ein fullsatt sal...
 Her ein annan vakker kjole som poserar for fotografane:
Og så kjem Fredrik i sin kinesisk- norske seafood gensar... Læraren er frå kina og var veldig nøgd med dagens antrekk:)
 Klassen til Fredrik:
Så på sparket blei alle foreldrene oppfordra til å sei nokre ord om landet me kom ifrå, blei jo reint nervøs for å snakka framfor 20 born og like mange vaksne...
Til lunsj bidrog alle foreldre med spesialitetar frå heimlandet. Så frå Norge kom det begge fredagane, vafler med brunost: