Sider

mandag 7. oktober 2013

Prøvetur til Bukit Timah

Sundag er i god norsk ånd, ein "ut på tur" dag, og då aller helst skal me oppsøkje nye stader. Me byrja dagen med litt fotball og tennis for Fredrik og Lars Petter:
Medan eg sat/ låg på solsenga ved eit nytt basseng og holdt auge med Solveig som var på sin fyrste symjetrening (ho sym snart ifrå meg!!):
Deretter var familien slik passleg motivert for utflukt. Eg ville veldig gjerne sjekke ut forholda i Bukit Timah Nature Reserve Trail for å finne ut om det i det heile er aktuelt for meg å reise på treningstur der på eigen hand på dagtid. Det er eit naturreservat med ein liten "fjelltopp", Singapores høgste punkt på 168 mho... Me hadde ikkje gått inn i parken ein gong når me møtte på dette skiltet, mao, ikkje ein stad eg er så veldig gira på å gå på eigen hand...:
Hadde det berre vore desse farene som lurte så skulle eg nok ha våga meg ut på eigen hand: 
 Morro å oppdage klaser med bananer:
i ein ellers tett-tett skog, ikkje særleg aktuelt å gå utanfor stien her:) 
 Bildet bedrar litt, er ingen slange midt i vegen, men det kunne vore det!:
 Når me er på slik ein flott sti så må ein nytta høve til å setja opp farten litt:

 og eg skal ikkje ha på meg at eg er lettskremd...:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar