Sider

tirsdag 1. oktober 2013

The Southern Ridges

Litt inspirert av spreke triathlonar har eg no funne min greie denne hauste. Eg har meldt meg på til Singapore Vertical Marathon, dvs trappeløp i Singapores høgste bygninge; The Swissòtel The Stamford.
Var akkurat inne på heimesida og sjekka tider, antal trappetrinn osv og det gjorde at eg kanskje angrar litt... Eg hugsar svært godt kor mjelkesyra sprengde på når eg jogga/gjekk opp trappene i Royal Pavillion i vinter, og det var kun 40 etasjar, dette løpet er 72 etasjar... Vel, vel, i dag starta eg med forberedelsane og det var ut å jakte på trapper. Eg tok turen til The Southern Ridges som er ein grønt område ganske sentralt i byen på ca 10 km. The Southern Ridges er eit samlenavn på 5 ulike parkar der ein kan passera diverse motrovegar og andre vegar via gangbruar høgt over, så ein slepp å stå i lyskryss og venta i 5 min (lyskryssa her i Singapore er såååå trege!!). Parkane heiter i rekkjefylgje frå der eg starta i dag: Mount Faber Park, Telok Blangah Hill Park, HortPark, Kent Ridge Park og til slutt Labrador Nature Reserve.
Det var (som vanleg...) ein flott dag i Singapore. Himmelen blå og litt for varmt (ca 33 grader), her er usikt frå Mount Farber mot Sentosa:    

Eg lærte tidleg i løypa korleis ein skal forholda seg til apekattane som kan dukka opp: 
 Det er fleire flotte gangbruer, dette er Hendersons Waves slik det ser ut når ein går oppå:
 Og Hendersons Waves sett litt nedanifrå:
 Det er mykje flott utsikt i alle retningar frå denne turen: 
 Og så fant eg  litt trapper innimellom:
Meir "hengebruer" der eg følte meg rimleg trygg for lizard og slangar og andre krypdyr som eg helst ikkje vil møte på...:
 Og så fekk eg auge på desse to husa, kontrasten nytt mot gamalt:
 Fleire flotte hengebruer og gå på:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar