Sider

lørdag 30. november 2013

Norway House

På tysdag så reiste eg i lag med to andre til Kambodsja. Formålet med reisa var å vitja Norway House (Khmer Friendship Orphanage) ein barneheim som ligg ein times køyretur utfor hovudstaden Phnom Phen: 
Kambodsja er i dag eit kongedømme og eit land i sterk økonomisk vekst, men eg var ikkje forberedt på at infrastrukturen i hovudstaden var så "dårleg" som den var. Dette var min fyrste tur til Kambodsja og det blei innhaldsrikt og lærerikt på mange plan. Kambodsja var ein koloni under Frankrike frå 1863-1953. Vietnamkrigen gjorde sitt til at Khmer-regimet og Pol Pot fekk makta i 1975 og dei menneskelege lidingane som fulgte er ufattelege. Det er estimert kring 2 millionar som mista livet, eller ein fjerdedel av befolkninga. I 1993 blei landet igjen eit monarki med 15 millionar innbyggjara, der 50% er under 25 år. 

Språket i Kambodsja er like vanskeleg å forstå som kinesisk så det hadde ikkje vore råd å gjordt så mykje utan tolkar. Me var tre som reiste og såleis var det tre tolkar som møtte oss onsdag morgon når me var klare til å reise til Norway House. Fyrste punkt på programmet var å stoppe innom eit marked for å kjøpe frukt: 
Der vandra den ein munk gjennom, det var generelt svært mange munkar å sjå i gatebilete. Dei går rundt og ber og velsignar folk og får då almissar eller mat i retur:
 Livet i gata var livleg, her motorisert transport:
Menneskeleg transport:
Og litt overraskande var det mykje av denne transortformen og, kyr som drog kjerrer (bilete teke ut gjennom bakruta på bilen...): 
Eg grua meg ikkje til å kome til barneheimen, hadde høyrt mykje om den, lese og sett bileter både i bok og på internett og fått skildringar frå dei som har vore der frå før. Gjennom dei møtene eg har vore med på her i Singapore hadde eg og fått inntrykk av at dette var noko heilt anna enn den erfaringa eg har frå barneheim i Shanghai. Og det var det verkeleg! Det var svært mykje som var svært bra her. Ein del av leikeområdet:
Ei anna oppgåve var å dele ut klede og leike me hadde med frå givara i Singapore. Då stilte dei seg opp på rekke og rad, dei var sååå spente og ivrige, men det var ingen som sneik i køen: 
 Veldig kjekt å observere etterpå gleda av å fått noko nytt, ein bil:
og tenk boksehanskar!
Det var to ting som var svært populært å leika med, det var syklar, dei sykla og sykla og sykla, og så leika dei med klinkekuler:
Me hadde ein bil som køyrde oss dit me skulle, men om ein skal kortare turar så er ein "tuk tuk" eit artig framkomstmiddel...;
 Straumnettet lever ikkje heilt opp til vestlige standarad:
Tannhelse er svært viktig og ein prøver å informere om korleis ein skal unngå hol i tennene, praktisk tannpuss med Anne og Hege og ein tolk som står og overset "det blir ikkje hol i ei tann som er rein":)
Barneheimen er delt inn i fleire hus, der det på kvart rom bur born ilag med ein vaksen. Den vaksne på det rommet har ansvaret for borna på rommet "sitt". Så har dei felles måltider:
Norway House har fått til utruleg mykje. Det er mange som har gjordt mykje for desse borna. Prosjektet blir i houvdsak styrt frå Singapore og engasjerar mange i det norske miljøet her i Singapore. Om nokon ynskjer å lesa meir om korleis dette prosjektet starta for 10 år sidan så gå til heimesida til Norway House her. Der kan de sjå bileter eller kjøpa boka "Small Steps" som fortel historien om barneheimen frå to nordmenn kom innom for 10 år sidan og alt som har skjedd sidan.






søndag 24. november 2013

Vertical Marathon

Litt nervøs var eg når eg stod opp idag, visste det kom til å bli hard å koma seg til tops, det var dagen for Vertical Marathon 2013, det vil seia, trappeløp i denne bygningen, Swissotel The Stamford: 
 73 etasjar venta og 1336 trappetrinn:
Dei fyrste starta 6.40 og dei siste 12.30, så var det 6 som starta i puljer med 10-30 sek imellom. Ein måtte møte opp til start ein halvtime før, så her står menn og kvinner i startpuljene før meg fint lina opp. Eg var spent på korleis dette skulle gå oppover i trappene med så mykje folk, men det var eigentleg ikkje noko problem i det heile tatt. Lite eller ingen kø oppover, det verste blei varmen:
Var lenge og stå og vente ein halvtime i "køen" på starten. Då var det bra at me hadde fin utsikt mot Marina Bay Sand som trona flott i bakgrunnen:) 
Og endå flottare blei det på toppen! Målgangen på Swissotelet var på helikopterdekket på taket, heilt fantastisk flott fri utsikt 360 grader. Følte oss litt "på toppen av Singapore", det var verdt mjelkesyra å få koma opp på taket her!
Ei god kjensle å få medaljen rundt halsen og pulsen ned til normalområdet att... :)
og litt fleire utsiktsbileter: 


Ikkje den beste filminga, men eit visst inntrykk av "toppen av Singapore" kan de jo få:)

onsdag 20. november 2013

Bensin

Den største ulikheita med bilkøyring her kontra heime, er venstrekøyringa. Det var fryktleg i starten, men no er det heilt ok, så spørst korleis det blir å kome heim...:) Det andre er at når du skal fylle bensin så blir du fort overlumpa av ein kjekk kar som fyller for deg, i tillegg kjem dei og vaskar vindaugene og om det skulle passa seg slik, heilt utan ekstra kostnad eller service charge...:) 










tirsdag 19. november 2013

Dødsstraff

Det er to grenseovergangar mellom Malaysia og Singapore når det kjem til bilkøyring, Woodlands og Tuas, og ein bør rekna alt mellom 15 min til fleire timar på å koma gjennom. Så når ein har kjempa seg framover med 1 m/ sek i ein halvtimestid, er det triveleg å bli helsa velkommen attende til Singapore: 
Men det stod også eit skilt til høgre på det forrige bilete. Så kan ein iallefall ikkje seia at ein ikkje blei åtvara då:
Singapore ligg på andre plass i verda over antalet på dødstraff i forhold til folketalet (på 1 plassen ligg Turkmenistan). Denne formen for avstraffelse har dei hatt sidan dei var ein britisk koloni. Eg var akkurat inne og leste litt på wikipedia om dette, og har då fått med meg fleire opplysningar som kan gje meg ein dårleg fredagsfølelse framover. Singapore er eit svært lite land og fengselet litt på Changi, som er rett ved flyplassen (som heiter Changi airport, 20-25 min i køyretid frå oss), der blir det ved dagry kvar fredag utført henrettelse ved henging av dei som har fått denne dommen... 70% er narkotikadommar.

mandag 18. november 2013

Legoland!

På veg heim frå Batu Batu "stakk me innom" Legoland, altså ikkje i Danmark men i Malaysia... Ca 10 min frå grensa til Singapore blei det i 2012 opna "Legoland Malaysia":
 Var mange impnerande byggverk i lego! Slik som her to fiskara:
Eller eit kjent motiv frå Singapore, The Fullerton Hotell og Merlionen: 

 Eller den forbudte by med den kinesiske mur i bakrunn:)
 Diverse dyr:
Størst suksee for dei minste var definetivt karusellane, og takk og pris var begge høge nok til å få køyra berg-og dalbanene:) Det var noko irriterande å måtte betale full inngangsbillett når me kom seint på dagen (halv 4 og parken stengde 6), men ettersom det var 0 kø og me kunne køyre fleire rundar etterkvarandre om me ville utan å gå ny runde i kø, føltes det så godt at me mest kunne betalt dobbelt... he he, me sit i bakerste vogna:

søndag 17. november 2013

Batu Batu

Med Marit og Sverre på besøk passa det fint å vitja ei ny øy i Malaysia:) Etter vel 2 timar i bil og 20 min i båt ankom me øya Pulau Tengah, eller Batu Batu som resorten heiter. Det er monsuntid no, men me hadde ikkje noko å utsetja på veret dei to dagane opphaldet vårt varte, frå båtturen ut til øya: 
Rein og skjær idyll, sidan me var der midt i veka var det få andre gjester så me følte att me var på ei øde øy, ihvert fall at me hadde øya for oss sjølv!:)
Benken som stod utfor hytta vår, med utsikt til stranda der det er eit basseng rett bak og med restauranten til høgre i bilete (om du ikkje ser den, så er det fordi det står alt for mange palmer ivegen.... he he):
 Beach Ocean Villa N2:
 Me hadde ein jubilant med på tur og då høyrer det med både gåver og bursdagssang:
Øya er ikkje stor, men den har ein fin sti som går i "jungelen" rundt. I greit turtempo tek det vel ein times tid som var ein flott start på dagen:
Fredrik er som regel ganske tøff, men maur er skummelt!! så godt å ha med farfar på tur, som har stor forståelse for slikt og gjerne låner vekk skuldrene innimellom:)
På turens toppunk fekk me god sikt mot naboøya, som var Rawa, der me var for eit par månadar sidan når Lise var på besøk...
 Om me ikkje såg så mange dyr på turen, så var det litt ulike blomar å plukka:
 Og tre som hadde slått rot på stader ein ikkje skulle tru...:
Etter endt jungeltur, blei det litt fotografering på stranda før me kunne avkjøla oss i sørkina havet igjen:



tirsdag 12. november 2013

Little India

Det er guida gåtur i både Little India og i Chinatown tre gongar i veka. Det kostar ingen ting og det er berre å møte opp til start i rett tid. Har høyrt at turen skal vera bra så me tok turen til Little India, rakk ein kaffistopp på Starbucks (som har byrja med julemusikk og julekoppar...) og så var me klare: 
 Hovudgata i Little India "Seragoon Road":
Men guiden vår kom aldri, me venta i 45 min før den stakkars mannen som stod og var "ansvarleg" for turen avlyste pga guiden var "stuck in traffick"?? så enn så lenge så kan eg verken anbefala eller ikkje anbefala å ta denne turen. Men eg kjem til å prøve igjen ved eit seinare høve! Me tok kartet fatt og fulgte ruta me skulle ha gått. Dette er eit område for å kjøpe ferske grønnsaker:

 og ikkje minst ferske urter:
Noko anna dei er svært gode på er å pynta seg. Dei er fantastisk fargerike i klesdrakten, har masse juvelar, malar seg til fest med vakre broderi rett på huda eller som her kan ein kjøpa ferdige mønster og klistra rett på huda: 
 Jasmine, luktar godt og er vakkert å sjå på. Frakta hit i isoporkassar fylt med is frå India:
Attende til det fargerike:


Det blei lite bileter av klesdrakter og den fantastiske maten dei serverar her. Det må bli mitt neste prosjekt i Little India:)