Sider

søndag 17. november 2013

Batu Batu

Med Marit og Sverre på besøk passa det fint å vitja ei ny øy i Malaysia:) Etter vel 2 timar i bil og 20 min i båt ankom me øya Pulau Tengah, eller Batu Batu som resorten heiter. Det er monsuntid no, men me hadde ikkje noko å utsetja på veret dei to dagane opphaldet vårt varte, frå båtturen ut til øya: 
Rein og skjær idyll, sidan me var der midt i veka var det få andre gjester så me følte att me var på ei øde øy, ihvert fall at me hadde øya for oss sjølv!:)
Benken som stod utfor hytta vår, med utsikt til stranda der det er eit basseng rett bak og med restauranten til høgre i bilete (om du ikkje ser den, så er det fordi det står alt for mange palmer ivegen.... he he):
 Beach Ocean Villa N2:
 Me hadde ein jubilant med på tur og då høyrer det med både gåver og bursdagssang:
Øya er ikkje stor, men den har ein fin sti som går i "jungelen" rundt. I greit turtempo tek det vel ein times tid som var ein flott start på dagen:
Fredrik er som regel ganske tøff, men maur er skummelt!! så godt å ha med farfar på tur, som har stor forståelse for slikt og gjerne låner vekk skuldrene innimellom:)
På turens toppunk fekk me god sikt mot naboøya, som var Rawa, der me var for eit par månadar sidan når Lise var på besøk...
 Om me ikkje såg så mange dyr på turen, så var det litt ulike blomar å plukka:
 Og tre som hadde slått rot på stader ein ikkje skulle tru...:
Etter endt jungeltur, blei det litt fotografering på stranda før me kunne avkjøla oss i sørkina havet igjen:



2 kommentarer: