Sider

tirsdag 19. november 2013

Dødsstraff

Det er to grenseovergangar mellom Malaysia og Singapore når det kjem til bilkøyring, Woodlands og Tuas, og ein bør rekna alt mellom 15 min til fleire timar på å koma gjennom. Så når ein har kjempa seg framover med 1 m/ sek i ein halvtimestid, er det triveleg å bli helsa velkommen attende til Singapore: 
Men det stod også eit skilt til høgre på det forrige bilete. Så kan ein iallefall ikkje seia at ein ikkje blei åtvara då:
Singapore ligg på andre plass i verda over antalet på dødstraff i forhold til folketalet (på 1 plassen ligg Turkmenistan). Denne formen for avstraffelse har dei hatt sidan dei var ein britisk koloni. Eg var akkurat inne og leste litt på wikipedia om dette, og har då fått med meg fleire opplysningar som kan gje meg ein dårleg fredagsfølelse framover. Singapore er eit svært lite land og fengselet litt på Changi, som er rett ved flyplassen (som heiter Changi airport, 20-25 min i køyretid frå oss), der blir det ved dagry kvar fredag utført henrettelse ved henging av dei som har fått denne dommen... 70% er narkotikadommar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar