Sider

søndag 10. november 2013

Kuala Lumpur

Ha! då kjenner eg at eg er med i KL klubben:) Det er meir enn ein gong (altså for eit år eller to sidan) at eg stussa når folk snakka om KL. Eg skjøna ikkje kva for stad i verden dei snakka om, men no har eg vore i KL, og kjem heretter også alltid til å omtala byen som KL...:) For dykk eventuelle som framleis  lurer så er det altså snakk om Kuala Lumpur, hovudstaden i Malaysia. Med besteforeldre på besøk, så nytta eg og Lars Petter høvet til å reise på tur kun for voksne. Ettersom eg hadde veldig lyst å vitja KL (:)) så var det eit reisemål som passa best utan born og då blei det slik. 

Petronas Twin Towers var ein av houvdattraksjonen for min del: 
                           

 Særs flotte tårn som blir knytt saman med ei bru slik ca halvegs til toppen:
Tradisjonen tru, så reiste me til KL utan å ha forberedt oss noko særleg (takk til Tone i Perth for gode tips! Bl a Traders Hotell var absolutt suksee). Eg hadde ein plan om å kjøpe Lonley Planet på vegen til, men eg endte opp med å kjøpe den på vegen heim... Uansett, me gjekk rett i den lettaste turistfella, og hoppa på "Hop on hop off" bussen som også køyrer rundt i denne byen. Ruta i KL var ikkje akkurat optimal, men den tok oss med rundt til dei viktigaste plassane og eg kjenner meg ganske så godt nøgd med heile opplevinga. Eit av høgdepunkta for Lars Petter, var når me på ein av stadene hoppa av bussen, kom over det siste tilskotet på Jaguar fronten:
 Litt gatestemning, flott fontene:
Området kring Petrona Twin Towers er svært flott tillaga med stor park i midten og mange nye fine bygningar kringom. Resten av KL (det inntrykket me fekk frå busstaket) er prega av eit land som er under utvikling. Mange av områda minna meg om dei eldre bydelane i Shanghai:
 Dette er og i ein del av Chinatown. Legg merke til den flotte teksten på veggen til høgre:)
Malaysia er konstitusjonelt monarki (det lærte me på bussturen... mykje bra med den bussen altså!). Men ikkje heilt slik som me har det i Norge. Malaysia har 13 delstatar, der ni av dei er monarki (...?) dei 4 andre blir leda av delstatsoverhovuder. Så blir kongen valt kvart 5 år utifrå dei 9 delstatane som er monarki.... ja, ja. Dei har ihvert fall ein konge. Akkurat når me ankom "National Palace" som me etterkvart skjønte var KL sitt svar på vårt slott, så ankom det ein stor kortesje med politi, mange svarte bilar og politi igjen, og det var altså kongen som køyrte rett forbi oss!! Ganske så stasleg slott og får ein seia:
 Ein annan svært flott bygning langs vegen "Sultan Abdul Samad Buildning":
Ein av dei få tinga me sjekka opp i før me forlot Singapore, var kva som var beste måten og koma seg til KL frå flyplassen på. Toget skulle vera mykje kjappare enn taxi. Så me fulgte rådet og endte opp med å bruka 3 timar på å koma oss fram til hotellet istaden for i underkant av 1 time om me hadde gått rett til taxien. Det me ikkje visste (men selvfølgeleg burde skjønt med det same) var at det er 2 internasjonale flyplassar i KL. Den eine litt (masse) nyare enn den andre. Der ein kan ta toget frå den nyaste og bruka 20 min til sentrum, så tok det altså oss med ventetid og overgangstid ca 3 timar. Men som eg prøvde å minna Lars Petter på, så var det vegen som var målet, ikkje å koma seg fortast fram mellom a og b... :) Flyplassen med landa og letta på i KL var jo ei oppleving i seg sjølv. Der gjekk alle reisande til alle destinasjonar med Air Asia hulter til bulter rundt omkring mellom fly og bagasje, dei som landa kom inn i folkemengden som skulle letta, og ein skulle jammen fylgja med for å kome på rett fly:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar