Sider

tirsdag 12. november 2013

Little India

Det er guida gåtur i både Little India og i Chinatown tre gongar i veka. Det kostar ingen ting og det er berre å møte opp til start i rett tid. Har høyrt at turen skal vera bra så me tok turen til Little India, rakk ein kaffistopp på Starbucks (som har byrja med julemusikk og julekoppar...) og så var me klare: 
 Hovudgata i Little India "Seragoon Road":
Men guiden vår kom aldri, me venta i 45 min før den stakkars mannen som stod og var "ansvarleg" for turen avlyste pga guiden var "stuck in traffick"?? så enn så lenge så kan eg verken anbefala eller ikkje anbefala å ta denne turen. Men eg kjem til å prøve igjen ved eit seinare høve! Me tok kartet fatt og fulgte ruta me skulle ha gått. Dette er eit område for å kjøpe ferske grønnsaker:

 og ikkje minst ferske urter:
Noko anna dei er svært gode på er å pynta seg. Dei er fantastisk fargerike i klesdrakten, har masse juvelar, malar seg til fest med vakre broderi rett på huda eller som her kan ein kjøpa ferdige mønster og klistra rett på huda: 
 Jasmine, luktar godt og er vakkert å sjå på. Frakta hit i isoporkassar fylt med is frå India:
Attende til det fargerike:


Det blei lite bileter av klesdrakter og den fantastiske maten dei serverar her. Det må bli mitt neste prosjekt i Little India:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar