Sider

lørdag 30. november 2013

Norway House

På tysdag så reiste eg i lag med to andre til Kambodsja. Formålet med reisa var å vitja Norway House (Khmer Friendship Orphanage) ein barneheim som ligg ein times køyretur utfor hovudstaden Phnom Phen: 
Kambodsja er i dag eit kongedømme og eit land i sterk økonomisk vekst, men eg var ikkje forberedt på at infrastrukturen i hovudstaden var så "dårleg" som den var. Dette var min fyrste tur til Kambodsja og det blei innhaldsrikt og lærerikt på mange plan. Kambodsja var ein koloni under Frankrike frå 1863-1953. Vietnamkrigen gjorde sitt til at Khmer-regimet og Pol Pot fekk makta i 1975 og dei menneskelege lidingane som fulgte er ufattelege. Det er estimert kring 2 millionar som mista livet, eller ein fjerdedel av befolkninga. I 1993 blei landet igjen eit monarki med 15 millionar innbyggjara, der 50% er under 25 år. 

Språket i Kambodsja er like vanskeleg å forstå som kinesisk så det hadde ikkje vore råd å gjordt så mykje utan tolkar. Me var tre som reiste og såleis var det tre tolkar som møtte oss onsdag morgon når me var klare til å reise til Norway House. Fyrste punkt på programmet var å stoppe innom eit marked for å kjøpe frukt: 
Der vandra den ein munk gjennom, det var generelt svært mange munkar å sjå i gatebilete. Dei går rundt og ber og velsignar folk og får då almissar eller mat i retur:
 Livet i gata var livleg, her motorisert transport:
Menneskeleg transport:
Og litt overraskande var det mykje av denne transortformen og, kyr som drog kjerrer (bilete teke ut gjennom bakruta på bilen...): 
Eg grua meg ikkje til å kome til barneheimen, hadde høyrt mykje om den, lese og sett bileter både i bok og på internett og fått skildringar frå dei som har vore der frå før. Gjennom dei møtene eg har vore med på her i Singapore hadde eg og fått inntrykk av at dette var noko heilt anna enn den erfaringa eg har frå barneheim i Shanghai. Og det var det verkeleg! Det var svært mykje som var svært bra her. Ein del av leikeområdet:
Ei anna oppgåve var å dele ut klede og leike me hadde med frå givara i Singapore. Då stilte dei seg opp på rekke og rad, dei var sååå spente og ivrige, men det var ingen som sneik i køen: 
 Veldig kjekt å observere etterpå gleda av å fått noko nytt, ein bil:
og tenk boksehanskar!
Det var to ting som var svært populært å leika med, det var syklar, dei sykla og sykla og sykla, og så leika dei med klinkekuler:
Me hadde ein bil som køyrde oss dit me skulle, men om ein skal kortare turar så er ein "tuk tuk" eit artig framkomstmiddel...;
 Straumnettet lever ikkje heilt opp til vestlige standarad:
Tannhelse er svært viktig og ein prøver å informere om korleis ein skal unngå hol i tennene, praktisk tannpuss med Anne og Hege og ein tolk som står og overset "det blir ikkje hol i ei tann som er rein":)
Barneheimen er delt inn i fleire hus, der det på kvart rom bur born ilag med ein vaksen. Den vaksne på det rommet har ansvaret for borna på rommet "sitt". Så har dei felles måltider:
Norway House har fått til utruleg mykje. Det er mange som har gjordt mykje for desse borna. Prosjektet blir i houvdsak styrt frå Singapore og engasjerar mange i det norske miljøet her i Singapore. Om nokon ynskjer å lesa meir om korleis dette prosjektet starta for 10 år sidan så gå til heimesida til Norway House her. Der kan de sjå bileter eller kjøpa boka "Small Steps" som fortel historien om barneheimen frå to nordmenn kom innom for 10 år sidan og alt som har skjedd sidan.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar