Sider

mandag 4. november 2013

På krokodillejakt

Så, eeendeleg kom farmor og farfar!:) 
 I går var me ein liten tur i Haji Lane på sightseeing:

Og i dag gjekk turen til Sungei Buloh Wetland Reserve. Der får ein oppleva dyra i sitt naturlege element, og me var klare for å gå på krokodillejakt, som me har høyrt at det er massevis av der.....
Og fleire stader møtte me dette skiltet, så det er nok nokon, men desverre (?) opplevde me dei ikkje live i dag. Eg spurte nokon av dei som jobba der, og dei sa at det var mykje krokodillar, men ein måtte kome når det var fjøre, då det var "lett" å sjå dei då.
Men uansett, me speida etter krokodillar og andre dyr. Mykje ulike fuglar å sjå, fisk som hoppa og spratt i sjøen, ekorn, skilpadder..
 og Fredrik såg ein angry bird flytande i sjøen!:)
 God utsikt frå eit av tårna, her stod me og såg store fiskar som hoppa!
og så møtte me stooore lizards, mange store lizards! Nokon av dei var så store at me var einige om at dei kunne gå for å vera krokodillar:)
 Ein annan som har vore og fanga fisk:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar