Sider

søndag 24. november 2013

Vertical Marathon

Litt nervøs var eg når eg stod opp idag, visste det kom til å bli hard å koma seg til tops, det var dagen for Vertical Marathon 2013, det vil seia, trappeløp i denne bygningen, Swissotel The Stamford: 
 73 etasjar venta og 1336 trappetrinn:
Dei fyrste starta 6.40 og dei siste 12.30, så var det 6 som starta i puljer med 10-30 sek imellom. Ein måtte møte opp til start ein halvtime før, så her står menn og kvinner i startpuljene før meg fint lina opp. Eg var spent på korleis dette skulle gå oppover i trappene med så mykje folk, men det var eigentleg ikkje noko problem i det heile tatt. Lite eller ingen kø oppover, det verste blei varmen:
Var lenge og stå og vente ein halvtime i "køen" på starten. Då var det bra at me hadde fin utsikt mot Marina Bay Sand som trona flott i bakgrunnen:) 
Og endå flottare blei det på toppen! Målgangen på Swissotelet var på helikopterdekket på taket, heilt fantastisk flott fri utsikt 360 grader. Følte oss litt "på toppen av Singapore", det var verdt mjelkesyra å få koma opp på taket her!
Ei god kjensle å få medaljen rundt halsen og pulsen ned til normalområdet att... :)
og litt fleire utsiktsbileter: 


Ikkje den beste filminga, men eit visst inntrykk av "toppen av Singapore" kan de jo få:)

1 kommentar:

  1. Leste artikkelen i avisen, blir stolt av deg. HUn kjenner jeg, og hun er en av de snilleste menneskene jeg vet om. 12 min, inponerende!!

    SvarSlett