Sider

søndag 29. desember 2013

Romjulsidyll

Etter 11 til dels svært krevjande timar bak rattet så var turen Vik- Gaustablikk unnagjordt (diverse stengde vegar, kolonner, snø og isdekke på vegane...) og me kom fram til skikkelge vinter og blåst på hytta:) 
 Etter fleire dagar med mykje vær, så var det mang ein bil som blei nedsnødd:
Så var det tid for å prøve oss i bakken igjen. Fredrik har ikkje hatt slalomski på beina før og Solveig hadde litt ein vinter når ho var 2,5 år. Så det måtte til litt nullstilling både for store og små før me skjøna at sjølv om me er fødd med ski på beina, så trengs det litt trening for å kome oppover på ferdigheitsstigen..... Men takk og pris så har det gått greit framover og idag kom me over ein stor bøyg- nemleg å køyre korkheisen åleine, her eg fyrst, Fredrik bak og Solveig kjem som nr 3: 
Solveig i fint driv til toppen av heisen, og sjå for eit vakkert ver me hadde idag! Vindstilt og sol, blå himmel og fantastisk sikt:)
 Solveig og Lise øver på å svinge nedover bakken:
Etter ein slik dag kan ein ikkje gjera anna enn å la slitne muskla få litt restitusjon i boblebadet på verandaen:)



lørdag 28. desember 2013

O jul med din glede

Sjølv om klimaet ikkje bidreg til julestemning i Singapore, så skal det ikkje stå på innsats frå handelstanden. Dei pynta til jul like tidleg som ein gjer her til lands, og det er mykje flott å sjå på. Kanskje det aller flottaste var å gå i Orchard Road etter mørkets frambrudd, der det var ei fantastisk julegate med alle julelysa som kom til sin rett på den tida av døgnet. Eg foreslo å køyre nedover Orchard i bil, men aircondition på fullt og på 10 grader, så me kunne frysa litt og kjenna julestemninga kom krypande... he he. Har ikkje bilete av den gata diverre, men her er nokre andre glimt frå julegledene: 
Rudolf: 
 Nissen med mange hestar... og dei som går med paraply brukar den mest for å verna seg mot sola:
Så hadde Fredrik juleavslutning med med songoppvisning. Det var "free dress up" denne dagaen så då stilte Fredrik i fotball klede (flaks at fargane var kvitt og raudt):)
Ikkje lenge deretter, fekk me den største gåva iår, nemleg juleferie heim til Norge. Fantastisk å koma heim og kjenna på den friske brisen! Litt triste blei me sidan snøen me hadde sett på bilete regna vekk dagane før me kom heim. Men me gjekk ut på snø jakt tidleg fyrste morgonen (jetleget gjorde sitt til at ein får nytta godt desse morgontimane med gull i munn!!), og me fant eit fint hjørne der akebretta funka fint:
 Og med litt rim og den andre morgonen så funka det å gå på ski og:
Etter nokon dagar i Svelvik gjekk turen til Vik, der fekk me skikkeleg snø under skia, og Fredrik levde nokon sekundar i trua på at han som mest hadde ski på beina for fyrste gong (han var jo berre 2,5 år når me flytta til Shanghai...) kunne konkurrera med hans store førebilete Kasper:
 Vetlejulafta blei ein svært så idyllisk kveld på Kålsete:
Så var julafta hjå oss, og Berit tykte det passa svært godt med eit bad i Sognefjorden før julegrauten skulle intas. Eg og Sara kunne berre ikkje vera noko verre enn at me blei med å det...
Berit var fyrst uti og sist opp, og her ser de ho berre ligg og smiler og kosar seg medan eg er på full fart opp på land att, lika kjapt som eg kom meg uti...:
Og på kvelden kom nissen til oss! Denne nissen budde på Rambera, så Solveig var ganske fortvila over at me ikkje kunne gå opp på det fjellet dagaen etter...:)

fredag 6. desember 2013

National Orchid Garden

No nermar deg seg jul med stormskritt og eg trur aldri eg har hatt så lite julestress eller julestemning før... Er umogleg å få julestemning med 30 grader + kvar dag??:) Men Singapore gjer ein super innsats for oss vestlige i såmåte, dei pyntar til jul overalt og i dag hadde grade 1 på OFS julekonsert:
Når konserten var vel overstått blei det tur til Botanisk hage og orkidehagen som er der (kanskje ikkje så løge at julestemninga uteblir he he):
Orkidefamilien består av 800 slekter (?) og 22-25 000 arter les eg på wikipedia. Orkidear er ein av dei vakraste blomane eg veit og dei har så mange herlige fargar:




Må vera spesielt morro å vera gartnar her som alt veks så fort. Innimellom alle blomane og det
frodige grøne, pyntar dei og opp med dyr og anna vakkert i stein: 


 Her er det mange folk i arbeid for å klippe plenen perfekt:  
Det kom litt vind, så blei det merkbart brått mørkt, og flaks flaks flaks!, me rakk akkurat å setja oss ned på kafe, før dette vèret kom (har enno ikkje fått inn i rutinane å ta med paraply/ regnkle...) Regnar ikkje litt når det fyrst regnar, det er som å stå under ein dusj med godt trykk:

onsdag 4. desember 2013

Rudolf er...

Sjølv om Singaporeanara flest ikkje feirar jul, så er det voldsom til julepynting rundt omkring, det allermeste står nok handelsstanden for, og i Orchard Road har det vore jul ein månads tid ihvert fall.... Men nytt for meg er desse bilane som køyrer rundt som Rudolf, har møtt fleire på vegen, men idag stod ein parkert på skulen til ungane og då fekk eg tatt eit ganske greit bilete...:) 

tirsdag 3. desember 2013

Idrettsdag

I dag har Solveig hatt idrettsdag på skulen. Ho var så glad på morgonen, "mamma; idag skal me berre ha play og ikkje noko work!" Er artig med denne språkmiksen som kjem heilt naturleg:) Idrettsdag for grad 1 (altså 1 klasse) på OFS, vil sei ca 250 born som skulle organiserast og koordinerast mellom dei ulike aktivitetane. Eg gløymde å ta med kamera idag, men har fått nokon bileter frå ein annan mamma som og var og kikka på hendinga:  

Midt i idrettsdagaen hadde eg ein times "voluntering" med klassen til Fredrik på data. Her sit alle 4 åringane på rekke og rad og jobbar med dei ulike oppgåvene dei har blitt tildelt... :

mandag 2. desember 2013

Gamalt nytt

Sit og kikkar gjennom bliter frå året som har gått, og fant ein folder eg hadde laga som stod "til bloggpost" på, det nermar seg fort slutten på dette året og då er det vel tid for ettertankte... he he. Året då me flytta frå Shangahi til Singapore... Snart er dragens år over: 
Når eg tenkjer på Shanghai så er The Bund ein stad eg gjerne skulle vandra litt meir opp og ned på, nytt utsikten til nord og sør, aust og vest, og horisontalt og vertikalt... og nye og gamle bygg:
Det var så morro å gå i gatene og kikke på alt som foregjekk: 
 Og alltid nokon som sov på post:
Det gjeld å holda seg godt fast! 
Sykkelsightseeing var den beste måten å sjå byen på! men ofte vanskeleg å få parkert sykkelen...: