Sider

fredag 6. desember 2013

National Orchid Garden

No nermar deg seg jul med stormskritt og eg trur aldri eg har hatt så lite julestress eller julestemning før... Er umogleg å få julestemning med 30 grader + kvar dag??:) Men Singapore gjer ein super innsats for oss vestlige i såmåte, dei pyntar til jul overalt og i dag hadde grade 1 på OFS julekonsert:
Når konserten var vel overstått blei det tur til Botanisk hage og orkidehagen som er der (kanskje ikkje så løge at julestemninga uteblir he he):
Orkidefamilien består av 800 slekter (?) og 22-25 000 arter les eg på wikipedia. Orkidear er ein av dei vakraste blomane eg veit og dei har så mange herlige fargar:




Må vera spesielt morro å vera gartnar her som alt veks så fort. Innimellom alle blomane og det
frodige grøne, pyntar dei og opp med dyr og anna vakkert i stein: 


 Her er det mange folk i arbeid for å klippe plenen perfekt:  
Det kom litt vind, så blei det merkbart brått mørkt, og flaks flaks flaks!, me rakk akkurat å setja oss ned på kafe, før dette vèret kom (har enno ikkje fått inn i rutinane å ta med paraply/ regnkle...) Regnar ikkje litt når det fyrst regnar, det er som å stå under ein dusj med godt trykk:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar