Sider

lørdag 28. desember 2013

O jul med din glede

Sjølv om klimaet ikkje bidreg til julestemning i Singapore, så skal det ikkje stå på innsats frå handelstanden. Dei pynta til jul like tidleg som ein gjer her til lands, og det er mykje flott å sjå på. Kanskje det aller flottaste var å gå i Orchard Road etter mørkets frambrudd, der det var ei fantastisk julegate med alle julelysa som kom til sin rett på den tida av døgnet. Eg foreslo å køyre nedover Orchard i bil, men aircondition på fullt og på 10 grader, så me kunne frysa litt og kjenna julestemninga kom krypande... he he. Har ikkje bilete av den gata diverre, men her er nokre andre glimt frå julegledene: 
Rudolf: 
 Nissen med mange hestar... og dei som går med paraply brukar den mest for å verna seg mot sola:
Så hadde Fredrik juleavslutning med med songoppvisning. Det var "free dress up" denne dagaen så då stilte Fredrik i fotball klede (flaks at fargane var kvitt og raudt):)
Ikkje lenge deretter, fekk me den største gåva iår, nemleg juleferie heim til Norge. Fantastisk å koma heim og kjenna på den friske brisen! Litt triste blei me sidan snøen me hadde sett på bilete regna vekk dagane før me kom heim. Men me gjekk ut på snø jakt tidleg fyrste morgonen (jetleget gjorde sitt til at ein får nytta godt desse morgontimane med gull i munn!!), og me fant eit fint hjørne der akebretta funka fint:
 Og med litt rim og den andre morgonen så funka det å gå på ski og:
Etter nokon dagar i Svelvik gjekk turen til Vik, der fekk me skikkeleg snø under skia, og Fredrik levde nokon sekundar i trua på at han som mest hadde ski på beina for fyrste gong (han var jo berre 2,5 år når me flytta til Shanghai...) kunne konkurrera med hans store førebilete Kasper:
 Vetlejulafta blei ein svært så idyllisk kveld på Kålsete:
Så var julafta hjå oss, og Berit tykte det passa svært godt med eit bad i Sognefjorden før julegrauten skulle intas. Eg og Sara kunne berre ikkje vera noko verre enn at me blei med å det...
Berit var fyrst uti og sist opp, og her ser de ho berre ligg og smiler og kosar seg medan eg er på full fart opp på land att, lika kjapt som eg kom meg uti...:
Og på kvelden kom nissen til oss! Denne nissen budde på Rambera, så Solveig var ganske fortvila over at me ikkje kunne gå opp på det fjellet dagaen etter...:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar