Sider

søndag 29. desember 2013

Romjulsidyll

Etter 11 til dels svært krevjande timar bak rattet så var turen Vik- Gaustablikk unnagjordt (diverse stengde vegar, kolonner, snø og isdekke på vegane...) og me kom fram til skikkelge vinter og blåst på hytta:) 
 Etter fleire dagar med mykje vær, så var det mang ein bil som blei nedsnødd:
Så var det tid for å prøve oss i bakken igjen. Fredrik har ikkje hatt slalomski på beina før og Solveig hadde litt ein vinter når ho var 2,5 år. Så det måtte til litt nullstilling både for store og små før me skjøna at sjølv om me er fødd med ski på beina, så trengs det litt trening for å kome oppover på ferdigheitsstigen..... Men takk og pris så har det gått greit framover og idag kom me over ein stor bøyg- nemleg å køyre korkheisen åleine, her eg fyrst, Fredrik bak og Solveig kjem som nr 3: 
Solveig i fint driv til toppen av heisen, og sjå for eit vakkert ver me hadde idag! Vindstilt og sol, blå himmel og fantastisk sikt:)
 Solveig og Lise øver på å svinge nedover bakken:
Etter ein slik dag kan ein ikkje gjera anna enn å la slitne muskla få litt restitusjon i boblebadet på verandaen:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar