Sider

fredag 31. januar 2014

Australia! del 2

Når me berre var ferdige med sightseeing i Fremantle, gjekk resten av dagane som ein leik:) aquarium, Wild Life Park, diverse leikeplassar på ulike stadar i byen (der eg fekk tilfredstilt mitt behov for blandt anna å "sjå" Perth) og sykling på Rottnest. 

Det er lite transportmoglegheiter å velgja mellom for å koma seg rundt slik på turistvis. Det er bil som gjeld... Til min fordel var eg vandt til å køyra på venstresida frå Singapore og med ein GPS som var heilt super klarte me å koma oss både litt nordover for å vitje eit aquarium og innover i landet for å vere innom Perth: 
Fredrik vakna med eit smil om munnen dagen me skulle til aquarium, for han gleda seg slik til å sjå hai: 
 Eit anna høgdepunkt her var krokodiller.... Desse er 1 år gamle:
Me lærte der at krokodillar (saltvannskrokodillar) veks heile livet og kan bli opp til 100 år gamle og 11 m lange... Dagen før me var her, var det ein 12 år gamal gut som blei tatt av ein krokodille medan han bada ein annan stad i Australia....:

Etter aquarium reiste me til Kings Park og fekk ein strålandes utsikt mot Perth! Kings Park var eit høgdepunkt både med den flotte utsikten ein fekk der, ein nydeleg park med mange små og store vegar og stiar og flott fauna, samt ein leikepark som me gjerne skulle reist attende til kvar dag:) 
I Carversham Wildlife Park fekk me helsa på mange, for oss, svært eksotiske dyr, her ein koala bjørn som søv svært godt:
 Så godt søv han (ho?:)):
 Desse dyra var ihvert fall merkelige:
Så kengeruar.... Det var morro det! Masse kengeruar som me kunne mata til og med: 
og sjå på babyane deiras som gjekk inn og ut av magen til mammen sin.... eller for det meste sov svært godt inni der:
Så fekk me sjå dei koma hoppande og at dei brukte halen og til denne jobben:
Som i dei fleste dyreparkar er det eit eller anna form for show, slik var det også her. Me kunne går rundt og helsa på ulike dyr og nokon fekk me også holda i....:
Her blei det felles bilete med ein wombat: (eg har selvfølgeleg aldri sett eller høyrt om dette dyret før..Men sidan så mange stilte seg opp til bilete, så fulgte me jo straumen, for det er nok kjekt å ha! he he): 
Siste heile dagen me hadde, reiste me til Rottnest, ei øy som ligg 20 km ut i havet frå Fremantle. Her kan ein skimta skyskraparane i Perth: 
På Rottnest er det fleire kafear, ein supermaked, overnattingsmoglegheiter og fleire mil med sykkelstiar utan bilar (kun ein turistbuss i ny og ne), med andre ord ei fantastisk flott øy som me gjerne skulle hatt meir tid på!
 Vakre strender omsluttar øya, men det var lite skugge og oppdriva der og såleis ganske varmt...:
 Øya heiter Rottnest då dei fyrste (kvite) som kom dit trudde dyra som var på øya var kjemperotter:
Badeparken var eit anna høgdepunkt. Skåret i gleda blei for Solveig sin del som fekk øyrebettenelse på vegen ned og med ei trommehinne som sprakk... Ikkje noko dukking på ho dei neste vekene...:
I staden for bading fekk me då vitja eit fastlegekontor i Fremantle, det er jo også noko å få med seg! Fungerte veldig likt som i Norge, og her sit Fredrik å les litt blad, for ventetida på venterommet var og likt som i Norge, laaaaaang....:
 Når Solveig var ferdig hjå doktoren, hadde Tone fiksa "premie" til alle tre tolmodige sjeler:
Tusen tusen takk for oss Tone!!:) 



Australia!! del 1

Så har me vore i Australia! Eg, Solveig og Fredrik reiste forrige laurdaga til Perth på besøk til ein annan "expatfamilie". Takka vere gjestfriheiten til ein kollega av meg frå Drammen, så tok eg mot til meg og reiste til eit nytt land og kontinent med ungane. Borna har ei veke ferie i forbindelse med kinesisk nyttår ("nyttårsafta var igår) og no når turen er vel overstått er eg strålandes nøgd og takknemleg for å fått eit lite innblikk i kva Australia har å by på. Me budde i: 
som ligg ca 30 km vest for Perth, og som mest truleg er den koslegaste av alle små byar i Western Australia:) Nokre få kilometer utfor Fremantle sentrum budde me, og der likte eg svært godt å traske litt rundt og kikke på alle dei flotte husa som låg på regge og rad: 
 Vertskapet Ole og Tone:)
Me hadde 5 dagar til rådigheit, og prøvde å legge opp ein plan for å få sett det viktigaste - på borna sine premissar.... Fyrste dagen stod Fremantle og stranda på planen, og her har me kome oss inn til sentrum og står på eit utkikkspunkt der det tidligare blei fyrt av kanonen mot dei som ikkje var velkomne til byen, eller så var det (bådeog mest truleg) at det blei fyrt av eit skot kvar dag kl 13, slik at alle skipa som låg ute havgapet kunne stille klokka si deretter. Dette held dei framleis på, altså det siste med at ein kan stille klokka si etter kanonskotet om ein vil:)
Strålandes utsikt!:
 og andre vegen er utskikten også flott, ei av hovudgatene i Fremantle:
 Me blei tidleg minna på at me var kome til kengeruland:)
 og dette var også dagen for "Australia Day", altså nasjonaldagen til Australia, der ein feriar dei kvite sin ankomst til landet... Det er då ein dag som ikkje berre har positive element i seg... Eg såg eit skilt i byen der det stod noko om at dette var ein sorgens dag, men forutan det, var det mest flagg og sjå, samt masse masse mennesker som samla seg til piknikk på stranda:
Eit anna gatebilete frå Fremantle, skulle gjerne brukt mykje meir tid på å vandre rundt her, men det var slett ikkje populært blandt dei to yngre eg hadde med meg...
Så endeleg var det stranda! Me hadde fått svært strenge formaningar om å vokta oss vel for all haien som truar der ute frå mannen som framleis er i Norge... og det gjorde me altså:)
vegen ned til stranda. Blir frykteleg varmt i sanden her, så enten må ein springe svært fort, eller så er det best med sko:
 Det var mange supre leikeplassar å oppdriva over alt, det gjer alltid dagen ekstra triveleg:)
 Så på kvelden fekk me med oss solnedgangen frå stranda:
 samt fyrverkeriet som avsluttar Australia Day:

fredag 24. januar 2014

Haw Par Villa

Det er ein park her i Singapore som er ganske anleis enn alle andre parkar eg har vitja, og det er Haw Par Villa. Opprinneleg var den kjent som Tiger Balsam parken då den blei bygd opp av dei to som utvikla og gjorde stor butikk ut av Tiger Balsam ( Aw Boon Par og Aw Boon Haw). Me har køyrt forbi mange gonger og kvar gong har dette inngangspartiet fanga vår interesse, masse masse fargar og greier som me ikkje heilt fekk taket på kva var for noko, før me stoppa og tok turen innom: 
Inngangspartiet fortset  og blir endå flottare, og tigeren kjem godt fram:
Ynskje med parken var å vise fram kinesisk mytologi. Det blei gjordt gjordt ved å laga over tusen ulike statuer i meir eller mindre ordna former og i ulike temaer gjennom parken:
 Eine artigare enn den andre:

 og her er bilen som desse karane køyrde med!:) Den skulle me gjerne teke med oss heim.
Her er inngangen til "The Ten Courts of Hell" og bærer navnet sitt med rette! Eg blei heilt satt ut av det som blei visst fram, og det er absolutt ikkje nødvendig å ta med born gjennom den tuenellen....
Dette er berre "peanuts" mot kva du kan sjå inne i tunellen: 

Så når me kom oss ut av helvete, så gjekk me rett på dette... ehh, ungane lurte jo på kva som foregjekk her. Slår eit slag for morsmjelka med andre ord:
Og jammen var det litt amerikansk innslag her og, eg er usikker på om den har kome til i seinare tid, eller om den var der opprinneleg:

onsdag 22. januar 2014

Marina Bay

Vandra litt i hjerte av det moderne Singapore igår. Det er mange imponerande bygningar og straks er det berre tida og vegen igjen å starte å vitje alle! Har ikkje så stort behov for å gå inn i denne... men eit imponerande bygg har Louis Vuitton i hvert fall (ein av kanskje 20 Louis Vuitton butikkar i byen): 
Denne lotus blomen inneheld Artsciense Museum, og dit skal me når Sara og Kasper straks kjem på besøk og få med oss "Dinosaurs dawn to extinction":)
 Ein av mange vakre lotusblomar som bygninga på bilete forut har blitt inspirert ifrå:
Kinesisk nyttår nermar seg veldig, og det blir pynta i minst like stor skala til det som det blei til jul, her ser me litt på avstand forbredelsar langs hovudtribunen:
Her er eg komen litt nermare, mykje flott raudfarge og tradisjonell kinesisk kulissar med "finansskylinen" i bakrunnen:
 Denne karen skal nok spela ein viktig rolle i det som skal foregå under festivitasen, stor var han!:
Marina Bay Sands og Artscience Museum sett frå ein annan vinkel med ein liten kinesisk by i forgrunnen: