Sider

torsdag 16. januar 2014

Flotte kjolar

Eg har verkeleg fått augene opp for indiske klesdraktar siste halvåret. Dei kler seg i så flotte klede med masse fargar. Når ein går kring i Little India her i Singapore så er det få eller ingen svartkledde mennesker ein møter på (ein og annan turist selvfølgeleg:)), men snarare tvert imot, dei fleste i vakre, fargerike kreasjonar. Har nokre mammaer i klassen til Fredrik som for lengst har vore og kjøpt seg eit og anna plagg der, og i dag tok me ein lite utflukt dit ilag. Eit internasjonalt team beståande av representantar frå Argentina, Portugal, USA, Japan og fotografen i denne anledningen frå Norge: 
 Det lettaste om ein vil sjå på klede i Little India er å gå på Mustafa senteret (som er eit besøk verdt uansett, har absolutt alt ein kan tenkja seg å trengja til husholdningen, til ferien, i garderoben.... og er ope 24-7, 7 dagar i veka, 365 dagar i året...) eller som me valgte i dag, Tekka Marked. Der er det eit grønnskas- og kjøttmarked ++ i fyrste etasjen, og klede og skreddare i andre etagen. Bodane som ligg etterkvarandre bugnar av dei herligaste kjolane:)

Så kunne eg kle meg opp i ein fargerik kreasjon litt ut på dagen idag, når eg besøkte Seals class og Fredrik for å feira at han snart blir 5 år:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar