Sider

lørdag 11. januar 2014

Slange!

Så har eg møtt min fyrste slange her i Singapore, håpar det blir den siste!! Argh! Eg hadde meg ein joggetur "åleine" rundt mc Ritchie, eit naturreservat eller jungle om ein vil, så det er jo ikkje akkurat noko bombe at ein møter slange der. Men eg har altså ikkje sett det før idag. Som alltid når eg er på tur her åleine (møter jo som regel mange andre som er ute på same ærend som meg, men litt ut på dagen, som i dag, kan det gå 5-10 min mellom kvar person eg møter) er det litt med hjerte i halsen i deler av løypa. I dag fekk eg altså auge på det som er den største frykten, ein slange! ikkje eit stort beist, men ein lang tunn, gråaktig... har ikkje prøvd å finne så mykje meir ut om den. Veit at det finst både ufarlige og dødlige slangar der... treng ikkje vite meir.

Eg gjorde absolutt ingen forsøk på å forevige augonblinken med å ta bilete, men eg stoppa opp nokre sekundar for å sjå kvar den tok vegen.... Takk og pris skjedde dette akkurat idet eg passerte eit par ute på tur, så då fekk eg gjordt dei oppmerksom på slangen og eg fekk ut litt skrekk og gru ilag med dei.

Resten av turen hadde eg ikkje berre hjerte i halsen men kjende meg og stiv av skrekk... så kan ein jo lure på kvifor i all verden eg gjer dette... Er jo den beste treningsrunden her i Singapore! Og så gjeld det berre å finna nokon å henge på. Så siste 3 km kom det ein kar forbi meg i eit tempo eg kunne klare å holde, så då var det berre å droppe den rolege langturen eg var ute på og ta eit drag siste biten.. Då fekk eg fokuset over på litt anna og føler meg sååå mykje tryggare når eg ligg ein meter bak eit anna menneske. 

Nokre andre bileter frå Mc Ritchie så de kan sjå kor flott det er å ta ein joggetur rundt her... skulle berre ikkje visst om desse dyra som lurer litt rundt omkring....: 
 Ein liten del av løypa er litt meir open for dagslys enn resten:
 då passerar ein og ei golfbane:
Så er det inn i skogen igjen:
på slutten kan ein velje den "board walken" de ser langs vatnet (sti bygd opp av tre) eller inne i skogen:
Så gjenstår det å sjå om eg har hatt min siste tur rundt her på eigen hand... I hvert fall så skal eg sørge for at eg kan nødnr til neste gong. For det tenkte eg på idag, at om eg no skulle mot all formodning bli bitt av ein av desse slangane så burde eg prøve å ringje ein stad. Hjelp lite å ringje Lars Petter (som er i Norge) eller 113 eller 911, nei, no skal eg finne ut av det:) 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar