Sider

tirsdag 25. februar 2014

Sykkeltur

I dag var det open dag i kindergarten. Dvs at foreldre var inviterte til å koma og observera borna i eit valgfritt emne. Det var litt ny "kunst" som var hengt opp på skrytetavla til klassen, og her er Fredrik sitt siste prosjekt, det er altså eg som viser meg i vindauget i andre etasjen i teltet...:) 
Eg valgte å koma til "circle time" (sidan den byrjar 9.15... så eg slapp å gå heim og så koma attende seinare på dagen... ) der dei går gjennom bokstavane for denne veka, snakkar om eit eller anna emne og les bok. Fredrik i blå gensar nederst til høgre:
Så var eg klar for dagens treningsøkt, sykkeltur. Det er absolutt flotte moglegheiter for å sykle fleire stader her på øya, men det er ein del vegar og trafikk som må forserast før ein kjem seg til der det er fint... Her ser eg meg bakover etter at eg kan pusta letta ut over å kome meg gjennom finansdistriktet:  
Framover ser det jo mest litt "øde" ut her på bilete, men det er ikkje tvil om at det er mange felter framleis... Det er stort sett 2-3 felter overalt kvar ein køyrer her i Singapore. Tenkt om det eine kunne vore forbeholdt syklistar!! då hadde dette blitt eit sykkeleldorado. Istaden er det den rake motsetningen.
Men no har eg kome meg vekk frå alle filer og bilar og nyt sykling i nokon og 30 grader, lett vind og herlig utsikt:
 Og slike vegar sykla eg på i over 3 mil (att og fram):
Som de kunne sjå på forrige bilete og, er det slett ikkje så frodig i Singapore om dagen. Normalen her er eigentleg ei lyn- og torebyga om dagen, regn som ein kan dusja seg etterfulgt av sol frå blå himmel. Regntida som var varsla veeeeldig frå dei som har levd her nokre år meir enn meg, føler eg aldri kom (kanskje det stod på litt når me var på juleferie), og etter nyttår har me ikkje sett regn...!! Ikkje bra. Snart 2 månedar utan regn byrjar å setje sine spor, graset er brunt: 
 Palmane byrjar å visne...
Vidare på sykkelturen kom eg tett innpå den nye og gamle Singapore stadium, og legg merke til ein strålandes sykkelsti:) 
 Brua over elva her, minna meg veldig om Ypsilon i Drammen:
Her kan de sjå ruta mi heim igjen (blå strek). De ser her heile Singapore øya, og då får ein eit inntrykk av kor lite dette landet er, når min 22 km lange sykkeltur heim, viser seg over så "langt" strekke på kartet. Det lilla området til høgre på øya er Changi Airport. 

mandag 24. februar 2014

Opningstider

Eg har tidligare, både i Shanghai og her i Singapore, prøvd meg på å ha "effektive" mogoner, der eg har hatt på lista å vera innom diverse butikkar (t.d. Ikea) på veg heim frå skulen, altså etter klokka 9 om morgonen. I dag skulle eg vera med Fredrik på symjing kl 10, så då var det perfekt å få unda nokre ærend på posten i tida mellom levering og "voluntering". Men nei, opna 11!!! er det mogleg...(om de lurer så opnar Ikea 10, og ellers dei fleste butikkar/kjøpesenter etter 10...). Så mandagar heretter blir den timen slått ihel med ei god bok el.... : 
Då var det berre å rusle attende til skulen og symjingen:
Og når det var vel overstått var klokka 11.30 og eg rakk ikkje så mykje anna enn å ta ein tur innom treningsrommet her me bur (og ein tur i bassenget.... he he) før det bar attende til skulen for å ta med borna heim:)

Ja, ja, slik går mange av dagane mine her:)

søndag 23. februar 2014

"Vidaredrikkingslag"

Trine rakk det meste i forbindelse med bryllupet sitt i Norge på juleferien, men eit utdrikkingslag blei det ikkje tid for. Så då fekk me her i Singapore ein fin anledning til å tilbringe ein dag i lag og ferie bruda, gratulere!!:)
Me starta med "High Tea" på Goodwille Park Hotel;
High Tea, vil eg sei er eit anna ord for lunsj, ein herlig bufè på eit flott hotell. Det kjem frå dei engelske anane (streke sådan) som Singapore har, og til lunsjen blir det då servert te frå eit breidt utval, og som sagt herlig mat: 
Etter eit herligt måltid, var det tid for litt aktivitet, "kubbespeling" i botanisk hage. Gruppa blei delt i to, og konkurranseinnstinktet mitt fekk lufta seg litt igjen:) Heldigvis kom eg på det vinnande laget, men det var på ingen måte takka vera meg.... arghhh!! eg skal jammen trena på dette til neste gong:)

 God stemning i leiren og me er klare for å gå vidare i programmet:
 Utsikt frå middags bordet:)
Etter middag og drinkar på staslige stader, blei kvelden avslutta med dansing på "Cuba Libre" herlig musikk og artig dansing til live musikk. Uheldigvis blei biletkvaliteten alt for dårleg så seint på kvelden så dei kom ikkje med her, he he...:)

onsdag 19. februar 2014

Universal Studios

Då er besøket frå Vik på veg heim att, og me som sit att her i Singapore føler oss litt forlatt og triste, men Solveig held motet oppe og trøstar Fredrik med at "det er jo ikke så mange månedene igjen til vi ihvertfall bor i samme land igjen da".  Og så har me mange kjekke minner å tenkja attende på!!

"Go beyond the screen and ride the movies" er slagorder for Universal Studios her i Singapore. Dette er ein fornøyelsespark som inneheld det meste av det ein draumer om når ein skal til ein slik stad. Her er innganspartiet med jordkloden som går rundt og skapar ein litt magisk stemning: 
Parken er delt inn i 7 ulike temaer, der dei ulike temaene gjenspeglar seg både i bygningar og aktivitetar. Her er "prinsesseslottet" som er henta frå "Far Far away",
I "Ancient Egypt" var det også imponerande og flotte byggverk, og dessutan den beste og skumlaste karusellen som var open, "Mumien"
Andre temaer i parken er Hollywood, New York, Sci-fi City, Lost World og Madegaskar. 
Me møtte diverse figurar frå ulike Universal Studios filmar, og nokon fekk me og tatt bileter ilag med. Fredrik kunne godt tenkt seg å gjordt litt kung fu med denne pandaen: 
 og så fekk me andre bli med på bilete og:)
 Mange løgne hattar ein kunne prøve:
Kasper og Fredrik fekk endeleg sitja i fyrste vogna i denne berg og dalbana:)
 Her er Fredrik og Yan klare for ein tur med ein eller anna slags dinosaur:
Me kom til parken når den opna, og var der til den stengde... og enno hadde ungane mykje krefter igjen. Utforbi parken er det og diverse fristelsar, der "candylicious" frista med godteri av alle slag:
og Berit fekk seg nokre nye vener: 

mandag 17. februar 2014

Skulebesøk

Me har knapt tid for OL om dagen! så då seier det seg sjølv at det ikkje er særleg med tid for blogging....:) så med andre ord har me meir enn nok å fylla dagane med. Ikkje at me har det så travelt, men me nyt dagane og veret og ein god (?) drink om det byr seg på stranda:) 

Me har akkurat kome attende til Singapore frå ein liten tur til Malaysia, nermare bestemt Pulau Rawa, ei øy 20 min i båt ut frå tettstaden Mersing. Det er som å kome til eit lite paradis. Der er knapt nokon lydar å høyre forutan bylgjeskvulp, elendig internett (som har gjordt at me ikkje har blitt godt nok oppdatert på diverse "skandalar" i løpyene frå Sotsji) og dagane blir fylt opp med bading, snorkling, ei god bok, diverse måltider.... Ja, rein og skjer avslapping og livsnytelse, og prikken over i`en blir at ungane blir meir og meir sjølvstendige og ein kan gå frå aktiv deltagelse i all bading til passiv badevakt funksjon frå land:) 

Forrige veka var me ein tur i Southern Rigdes og Hendersons Brigde (friluftsområder/parkar som heng saman) Her er me samla oppå Hendersons Brigde, Fredrik var litt raskt og blei ståande oppgitt nokre meter lengre framme enn oss og kunne ikkje forstå kvifor me var så trege...: 
 Eit forsøk på eit lit anleis bilete...
Hendersons Bridge i eit skjeldant stille augonblikk: 
Gangbrua sett frå ein annan kant, den er verkeleg flott både å sjå på og gå på, eit stykkje menneskeskapt kunst i jungelen: )
Sara og Kasper hospiterte i klassen til Solveig i ein mattetime forrige veka. Her har dei akkurat kome til skulen/ kantina (Solveig sit på bordet til venstre) og er overvelda over antal eleva og støynivået som prega kantina:
 Greit å kome seg ut frå kantina og nyte ein is før mattetimen skal byrja:
Inne i klasserommet. Solveig presenterar Sara og Kasper for klassen sin og dei fortel litt om seg sjølv:)

Dumplings

 Ein restaurant som er viktig å vere innom når ein vitjar Singapore (eller Shanghai...) er:
 den har Michelin stjerne!
og serverar nydeleg dumplings!

Om du har lyst, er det fult mogleg å stå og fylgje med på heile prosesen, frå dei blir laga, dampa og servert:)


torsdag 6. februar 2014

Ein gledens dag

I dag var det ikkje kjipt å gå på skulen i det heile tatt. For det fyrste skulle det vere Lion Dance på skulen (for å feire kinesisk nyttår) men aller viktigaste at det var halv dag på skulen i dag då Sara, Kasper og tante Berit skulle koma!!:) 

Her er me klare i soloppgangen for dagens opplegg på skulen. Alle i nye klede for anledningen:) 
Me som var tidleg ute fekk sitjeplass for å bivåne showet, eg ilag med eit knippe andre mammaer frå klassen til Fredrik: 
Om de speidar godt kan de sjå Solveig midt inne i mylderet av andre frå elementery school her (rett bak den mannlege læraren):
For at de skal få litt betre inntrykk av kva dette går ut på er det ein liten videosnutt frå starten på dagens show: 
                                   
Men såååå!! Me kom akkurat i tide til å ta imot besøket frå Vik på flyplassen, og her feirar me med champagne (alkoholfri om nokon skulle lura...) på verandaen vår. Me holdt på å sprekka av glede når me endeleg fekk besøk, og det er fantastisk å ha litt fri frå skulen og berre kosa oss og leika i mange dagar...:)