Sider

torsdag 6. februar 2014

Ein gledens dag

I dag var det ikkje kjipt å gå på skulen i det heile tatt. For det fyrste skulle det vere Lion Dance på skulen (for å feire kinesisk nyttår) men aller viktigaste at det var halv dag på skulen i dag då Sara, Kasper og tante Berit skulle koma!!:) 

Her er me klare i soloppgangen for dagens opplegg på skulen. Alle i nye klede for anledningen:) 
Me som var tidleg ute fekk sitjeplass for å bivåne showet, eg ilag med eit knippe andre mammaer frå klassen til Fredrik: 
Om de speidar godt kan de sjå Solveig midt inne i mylderet av andre frå elementery school her (rett bak den mannlege læraren):
For at de skal få litt betre inntrykk av kva dette går ut på er det ein liten videosnutt frå starten på dagens show: 
                                    video
Men såååå!! Me kom akkurat i tide til å ta imot besøket frå Vik på flyplassen, og her feirar me med champagne (alkoholfri om nokon skulle lura...) på verandaen vår. Me holdt på å sprekka av glede når me endeleg fekk besøk, og det er fantastisk å ha litt fri frå skulen og berre kosa oss og leika i mange dagar...:) 

1 kommentar:

  1. Hej! Din blogg er valgt ut som en av finalistene i Travel Blog Awards 2013! Vennligst kontakt oss via travelblogawards@supersaver.no for å få mer informasjon.
    Med vennlig hilsen Madelene

    SvarSlett