Sider

mandag 17. februar 2014

Skulebesøk

Me har knapt tid for OL om dagen! så då seier det seg sjølv at det ikkje er særleg med tid for blogging....:) så med andre ord har me meir enn nok å fylla dagane med. Ikkje at me har det så travelt, men me nyt dagane og veret og ein god (?) drink om det byr seg på stranda:) 

Me har akkurat kome attende til Singapore frå ein liten tur til Malaysia, nermare bestemt Pulau Rawa, ei øy 20 min i båt ut frå tettstaden Mersing. Det er som å kome til eit lite paradis. Der er knapt nokon lydar å høyre forutan bylgjeskvulp, elendig internett (som har gjordt at me ikkje har blitt godt nok oppdatert på diverse "skandalar" i løpyene frå Sotsji) og dagane blir fylt opp med bading, snorkling, ei god bok, diverse måltider.... Ja, rein og skjer avslapping og livsnytelse, og prikken over i`en blir at ungane blir meir og meir sjølvstendige og ein kan gå frå aktiv deltagelse i all bading til passiv badevakt funksjon frå land:) 

Forrige veka var me ein tur i Southern Rigdes og Hendersons Brigde (friluftsområder/parkar som heng saman) Her er me samla oppå Hendersons Brigde, Fredrik var litt raskt og blei ståande oppgitt nokre meter lengre framme enn oss og kunne ikkje forstå kvifor me var så trege...: 
 Eit forsøk på eit lit anleis bilete...
Hendersons Bridge i eit skjeldant stille augonblikk: 
Gangbrua sett frå ein annan kant, den er verkeleg flott både å sjå på og gå på, eit stykkje menneskeskapt kunst i jungelen: )
Sara og Kasper hospiterte i klassen til Solveig i ein mattetime forrige veka. Her har dei akkurat kome til skulen/ kantina (Solveig sit på bordet til venstre) og er overvelda over antal eleva og støynivået som prega kantina:
 Greit å kome seg ut frå kantina og nyte ein is før mattetimen skal byrja:
Inne i klasserommet. Solveig presenterar Sara og Kasper for klassen sin og dei fortel litt om seg sjølv:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar