Sider

tirsdag 25. februar 2014

Sykkeltur

I dag var det open dag i kindergarten. Dvs at foreldre var inviterte til å koma og observera borna i eit valgfritt emne. Det var litt ny "kunst" som var hengt opp på skrytetavla til klassen, og her er Fredrik sitt siste prosjekt, det er altså eg som viser meg i vindauget i andre etasjen i teltet...:) 
Eg valgte å koma til "circle time" (sidan den byrjar 9.15... så eg slapp å gå heim og så koma attende seinare på dagen... ) der dei går gjennom bokstavane for denne veka, snakkar om eit eller anna emne og les bok. Fredrik i blå gensar nederst til høgre:
Så var eg klar for dagens treningsøkt, sykkeltur. Det er absolutt flotte moglegheiter for å sykle fleire stader her på øya, men det er ein del vegar og trafikk som må forserast før ein kjem seg til der det er fint... Her ser eg meg bakover etter at eg kan pusta letta ut over å kome meg gjennom finansdistriktet:  
Framover ser det jo mest litt "øde" ut her på bilete, men det er ikkje tvil om at det er mange felter framleis... Det er stort sett 2-3 felter overalt kvar ein køyrer her i Singapore. Tenkt om det eine kunne vore forbeholdt syklistar!! då hadde dette blitt eit sykkeleldorado. Istaden er det den rake motsetningen.
Men no har eg kome meg vekk frå alle filer og bilar og nyt sykling i nokon og 30 grader, lett vind og herlig utsikt:
 Og slike vegar sykla eg på i over 3 mil (att og fram):
Som de kunne sjå på forrige bilete og, er det slett ikkje så frodig i Singapore om dagen. Normalen her er eigentleg ei lyn- og torebyga om dagen, regn som ein kan dusja seg etterfulgt av sol frå blå himmel. Regntida som var varsla veeeeldig frå dei som har levd her nokre år meir enn meg, føler eg aldri kom (kanskje det stod på litt når me var på juleferie), og etter nyttår har me ikkje sett regn...!! Ikkje bra. Snart 2 månedar utan regn byrjar å setje sine spor, graset er brunt: 
 Palmane byrjar å visne...
Vidare på sykkelturen kom eg tett innpå den nye og gamle Singapore stadium, og legg merke til ein strålandes sykkelsti:) 
 Brua over elva her, minna meg veldig om Ypsilon i Drammen:
Her kan de sjå ruta mi heim igjen (blå strek). De ser her heile Singapore øya, og då får ein eit inntrykk av kor lite dette landet er, når min 22 km lange sykkeltur heim, viser seg over så "langt" strekke på kartet. Det lilla området til høgre på øya er Changi Airport. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar