Sider

onsdag 19. februar 2014

Universal Studios

Då er besøket frå Vik på veg heim att, og me som sit att her i Singapore føler oss litt forlatt og triste, men Solveig held motet oppe og trøstar Fredrik med at "det er jo ikke så mange månedene igjen til vi ihvertfall bor i samme land igjen da".  Og så har me mange kjekke minner å tenkja attende på!!

"Go beyond the screen and ride the movies" er slagorder for Universal Studios her i Singapore. Dette er ein fornøyelsespark som inneheld det meste av det ein draumer om når ein skal til ein slik stad. Her er innganspartiet med jordkloden som går rundt og skapar ein litt magisk stemning: 
Parken er delt inn i 7 ulike temaer, der dei ulike temaene gjenspeglar seg både i bygningar og aktivitetar. Her er "prinsesseslottet" som er henta frå "Far Far away",
I "Ancient Egypt" var det også imponerande og flotte byggverk, og dessutan den beste og skumlaste karusellen som var open, "Mumien"
Andre temaer i parken er Hollywood, New York, Sci-fi City, Lost World og Madegaskar. 
Me møtte diverse figurar frå ulike Universal Studios filmar, og nokon fekk me og tatt bileter ilag med. Fredrik kunne godt tenkt seg å gjordt litt kung fu med denne pandaen: 
 og så fekk me andre bli med på bilete og:)
 Mange løgne hattar ein kunne prøve:
Kasper og Fredrik fekk endeleg sitja i fyrste vogna i denne berg og dalbana:)
 Her er Fredrik og Yan klare for ein tur med ein eller anna slags dinosaur:
Me kom til parken når den opna, og var der til den stengde... og enno hadde ungane mykje krefter igjen. Utforbi parken er det og diverse fristelsar, der "candylicious" frista med godteri av alle slag:
og Berit fekk seg nokre nye vener: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar