Sider

fredag 21. mars 2014

Blue Mountain

No er me vel attende i Singapore, og kan sjå attende på herlige dagar og minner for livet etter 2+1/2+1/2 dag i Sydney. Onsdag reiste me til Blue Mountain, der me etter to timar på toget gjekk av i Katoomba, landsby som var godt tilrettelagt for turistar med mange overnattingsmoglegheiter, massevis av koslege cafèr, shopping, men alikavel ein god følelse av å vera på landsbygda i australia:) 
 Terrenget var kupert med bakkar opp og ned;
Me gjekk frå togstasjonen i ca 2 km for å kome til Echo Point (utsiktspunkt over fjellområdet) og då fekk me følelsen av å vera blandt dei lokale:)
 Så kom me fram til Echo Point:
 Herlig utsikt!
Så var det tid for å gå på tur, me valgte turen som var "strong walkers only"... he he. 1000 trappetrinn ned og deretter 1000 trappetrinn opp igjen.
 Det var bratt og smalt:

 Men parti som var heilt nydeleg å gå i, med draumeunderlag og flotte trepper:
 Nermar oss toppen igjen her:
Så etter ein dags marsj, var me framme på Laura togstasjon (nabo landsbyen til Katoomba). Godt trøytte i føtna og gleda oss til å sitje å sjå ut av togvindauget igjen:
 Siste dagen i Sydney, vandra me rundt i Hyde Park:
 Kom plutseleg over ei stor og vakker kyrkje:)
 Høyrte på mange fuglar som kvitra:
og endte opp i Botansik hage og fekk ei herlig utsikt mot hovudattraksjonen, Operahuset
der me to kveldar før var og såg og høyrde på ein 3 timar lang forestilling, "Carmen". Me sat då på fyrste rad, eg kunne ha tatt på skuldra til dirigenten nede i orkestergrava,  og me såg songarane/ skodespelarane rett inn i auga, ei fantastisk oppleving!!

tirsdag 18. mars 2014

Manly

Tretti minutt med båt så er ein på: 
Kjempekosleg stad og absolutt verdt å vitja om ein er her i byen. Tenkjer og at om eg skulle gjordt denne reisa om igjen, skulle me overnatta ei natt her ute! Småbypreg, kosleg gågate, flott turistshopping...
Stranda var også heilt nydeleg: 
 Mammen og pappen på veg for å sjekke badetemperaturen og kikke etter hai...
 Og så leigde me syklar:
eg hadde med meg to sprekingar, stod og tråkka opp mange bakkar, og det var bratt her! Flott å sykla, den beste måten å gjera sightseeing på:)
 Utsikt frå båten på veg attende:
 Det var ein slik båt me køyrde:
 Sydney:

og etter me får drukke opp kaffien og vinen vår no, er me klare for Opera i Sydney Opera!:)

mandag 17. mars 2014

Sydney!

Så var tida komen for at eg er så heldig å få vitja Sydney! Har lenge høyrt at dette er "verdens flottaste by" og då er det stor stas å få reisa å sjekka ut om eg er einig i den påstanden (i den grad ein kan seia slikt ut ifrå at det er ganske så mange byar att i verden å vitja for min del...:)). Men så langt må eg berre seia meg einig, det er ein svært vakker by, kan minna mykje om Bergen, berre at det manglar litt på fjedla i bykjernen, men til gjengjeld er det herligt ver året rundt... he he. 

Biblotekbygget i byen bak ei flott vannfontene: 
Me ankom Sydney i dag, lokal tid, kl 06.30 (ligg 3 timar føre Singapore og då 10 timar før Noreg), sidan det ikkje var mogleg å få sjekka inn på hotellet så tidleg var det ikkje anna å gjera enn ut å gå og nytta tida ein har for sightseeing. Etter knappe 10 min til fots kom me til Royal Botanical Garden, vakkert vakkert vakkert! Eg likar spesielt alle dei store trea:
Ikkje spesielt glad for å sjå stooore edderkoppar, men går greit så lenge dei held seg på trygg avstand frå meg...:
 Rundt omkring i heile byen går desse neshorna som frtt vilt, det eine flottare dekorert enn det andre:
Og så plusteleg! der var Sydney Opera House.... Det knyter seg svært store forventningar til det meste av det me har på planen her i Sydney, og operahuset er kanskje det som bærer på den største forventningen... og flott er det, her sett frå botanisk hage:
og her sett frå Circular Quay, eller for dykk som ikkje har vore her enno, frå andre sida enn det forrige bilete... he he:
Ut på ettermiddagen (etter me eeeendeleg fekk sjekka inn på hotellet og kvilt oss litt) gjekk me tur over denne brua, Sydney Harbour Bridge (ferdig i 1937):
og slik ser Opera huset ut når ein står oppe på brua:) 
Frå brua fekk me og flott utsikt inn mot Circular Quay og The Rocks. Hotellet vårt ligg ca midt i bilete litt bak dei fremste høghusa her:
 Utsikt mot andre sida av brua, nord sida av Sydney, yrande båtliv:
og til sist eit bilete til av brua, det landemerke, etter Operaen som dei er mest nøgde med her i byen i fylgje Lonley Planet boka:

torsdag 13. mars 2014

Meir besøk frå Vik

Det er sååå kjekt med besøk! For eit par dagar sidan kom mammen og pappen, eller Bestemor og Besten til Singapore. Fyrste gongen for dei i denne byen, så då er det ut på tur for å visa dei kva Singapore har å by på. Me er her komne ned til Marina Bay, har Marina Bay Sands i bakrunnen, og den kvite lotusblomst-bygningen i framgrunnen der,  er dagens hovudmål for turen:
Ekstra kjekt då ungane har fri to dagar, eller Solveig har to dagar fri, då det er foreldresamtalar denne veka. Men sidan Fredrik er for barnehageunge framleis å rekna, så får han fri så fort anledningen byr seg. Sikkert til stor frustrasjon frå læraren hans som skreiv i meldingsboka for eit par dagar sidan: "unfortunately he dont recognize all the letters yet"... Me ler godt av det, men for dei fleste born her er jo dette verkelegheita deiras...(kjennest godt og heilt rett å flytta heim til sumaren:))

Så har me kome oss endå nærmare Lotus blomsten:


 Og me er straks klare for å gå inn til "Dinosaurs Dawn To Extinction" utstillinga som er der no:
 Flott utstilling!
Spennande og litt skummelt. Me har akkurat sett filmen "Jurassic Park" (eigentleg litt for skummel...) noko som gjorde at ungane var superintereserte i desse dyra som levde her for leeeenge sidan:


  • lørdag 8. mars 2014

    Helg

    Etter ein heller trå start for Fredrik på Taekwondo før jul, så har han kome skikkeleg igong no:) 
    Solveig hadde prøvetime på Taekwondoen, men fant ut at det ikkje var noko. Ho har satt seg fore å at ho skal læra Yan å symje:


    tirsdag 4. mars 2014

    Film frå Rawa

    Tok litt film når me hadde besøk forrige veka, og her er resultatet. Litt frå bassenget her me bur, men mesteparten frå Rawa, øya me vitja i Malaysia:) 



    mandag 3. mars 2014

    DNV 150 år

    Det Norske Veritas feirar i år 150 år! Tenk det, og det som er mest fascinerande å tenkje på, er dei "eventyrarane" som reiste ut i verden for mest lika lenge sidan og starta opp kontor for DNV rundt omkring...

    Uansett, 150 år er noko å vera stolt av, og det blei feira godt her i Singapore på fredag.
    Det var invitert til stasleg fest med mange gjester. Leiarane i DNV kom frå Norge, utenriksministeren vår, ein minister frå Singapore, ein fredsprisvinnar, ansatte og leiara for DNV i Asia, kundar og så slike som meg, -spouse, som eg var oppført som i programmet... he he, veldig klar for å vera med på festen her: 
    Den musikalske underholdninga sto Ole Edvard Antonsen og Ingrid Bjørnov for i tillegg til kveldens konfransier som var Haddy N`Jie. Flink å snakka og for ei stemma!! Ho kunne gjerne framført fleire enn dei to songane ho song for oss: 
     Flott stemning inne i lokalet:
    og her imponerer Ingrid Bjørnov på scenen!:
    Og så var eg ein av mange som fekk tatt eit bilete i lag med denne mannen, Dr Rajendra Kumar Pachauri, styreformann i IPCC, og fredsprisvinnar ilag med Al Gore i 2007. Han var ein av hovudtalarane under middagen og me fekk litt innføring i korleis IPCC jobbar med klimaforandringar. Trur ikkje det er mange (ingen!) som hadde kome godt ut av ein diskusjon med denne karen om klimaforandringane er menneskeskapt...