Sider

mandag 3. mars 2014

DNV 150 år

Det Norske Veritas feirar i år 150 år! Tenk det, og det som er mest fascinerande å tenkje på, er dei "eventyrarane" som reiste ut i verden for mest lika lenge sidan og starta opp kontor for DNV rundt omkring...

Uansett, 150 år er noko å vera stolt av, og det blei feira godt her i Singapore på fredag.
Det var invitert til stasleg fest med mange gjester. Leiarane i DNV kom frå Norge, utenriksministeren vår, ein minister frå Singapore, ein fredsprisvinnar, ansatte og leiara for DNV i Asia, kundar og så slike som meg, -spouse, som eg var oppført som i programmet... he he, veldig klar for å vera med på festen her: 
Den musikalske underholdninga sto Ole Edvard Antonsen og Ingrid Bjørnov for i tillegg til kveldens konfransier som var Haddy N`Jie. Flink å snakka og for ei stemma!! Ho kunne gjerne framført fleire enn dei to songane ho song for oss: 
 Flott stemning inne i lokalet:
og her imponerer Ingrid Bjørnov på scenen!:
Og så var eg ein av mange som fekk tatt eit bilete i lag med denne mannen, Dr Rajendra Kumar Pachauri, styreformann i IPCC, og fredsprisvinnar ilag med Al Gore i 2007. Han var ein av hovudtalarane under middagen og me fekk litt innføring i korleis IPCC jobbar med klimaforandringar. Trur ikkje det er mange (ingen!) som hadde kome godt ut av ein diskusjon med denne karen om klimaforandringane er menneskeskapt... 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar