Sider

mandag 28. april 2014

Global Picnic

På laurdag arrangerte OFS ilag med foreldre frå alle land "Global Picnic". Det skulle visa seg å vera eit kjempearrangemang for alle:) Her skundar me oss avgårde for å koma fram itide:) 
Frå scena var det underholdning av ulike karakter heile dagen, frå skulesymforni, jenteband, guteband, fashion show, dans mm:
Det heile byrja kl 2, og 5 min på 2 byrja det å bøtte ned, det lynte og tordna, så dei som var litt for seint ute rakk å bli skikkeleg gjennomvåte på dei siste meterande til skulen (slik som oss, hadde ca 50 meter igjen når det byrja, og då var me heilt gjennomvåte når me kom oss under tak...., gjer jo ingen ting, er framleis gode 32-34 grader, så ingen blir kalde):
 OFS har mest 4000 elevar idag frå 73 land!, flaggborga:
Og alle landa (trur eg) var representert på matstanden, med spesialitetar frå sitt land, fritt for alle til å gå rundt og kikke og smake på:)
Norge stilte sterkt med lakserulade, vafler og bollar:) og det var kø kring matbodane så lenge det var mat igjen.
Men Global Picnic handla ikkje berre om mat og underholdning, det var også ulike aktivitetar for borna, hoppeslott, karuseller, diverse leiker, konkurransar... Eg volunterte i 30 min på eit hoppeslott/ sklie, og eg skal love dykk at å holde orden på ungane gjorde at eg var meir våt etter denne innsatsen enn eg blei av regnet på veg til skulen.... he he:
Når regnet letta, så blei det litt betre plass, på fotballbana voks det fram det eine hoppeslottet etter det andre til stor stas for ungane, som var nokså høge på gratis sukkerspinn, brus og is heile dagen.....: 
 Australia stilte opp med galge og kasting av VÅTE svampar.... ein stor hit å stå og sjå på:)
 Her kan de sjå kor folksomt det var kring landets matbodar:
 Argentina og Colombia:
 Egypt:
 Brasil:
Trur Kazakhstan gjekk tom for mat ganske tidleg... men så var dei kanskje ikkje så mange heller frå det landet som kunne serva kring 4000 mennesker.... For det er litt av ein jobb for dei ansvarlege frå kvart land!
 Danmark,
 Og litt av vafflene frå Norge:

fredag 25. april 2014

Kunstutstilling

I forrige innlegg skreiv eg om Emerald Hill Road og om kor flott den gata var, men hadde jo ikkje noko bileter av den... Gjekk gjennom den igår og knipsa nokre bileter med telefonen slik at de skal får sjå litt meir av gata. Her er inngangen frå Orchard Road:
Ser ut som hus som ligg på rekke og rad, men det er faktisk bar/ mikrobryggeri/ restaurantar desse husa her, Que Pasa er det det grøne huset i midten:)
 Og vidare oppover:
Denne veka har 1-3 klasse hatt utstilling av eit utval av verkene sine frå "art" undervisninga. Det har stått utstilt i ein av gymsalane på skulen og ope for alle til å kome å kikke på. I går vitja eg Solveig i lunsjen hennars, etterpå henta me Fredrik og gjekk i lag med ei veninna av Solveig og beundra alle kunstverka:
 Flotte fargar og spennande fjes:

 Her viser Solveig stolt fram sitt bidrag i utstillinga:

tirsdag 22. april 2014

To gode barer i Singapore

Ein av favorittstadene i Singapore for mat og drikke, er Que Pasa. Det beste med Que Pasa er at den ligg i gangavstand frå oss og at den ligg i ei superkosleg gata, Emerald Hill Road. Emerald Hill Road startar som ein avstikkar frå Orchard Road i den eine enden, der ein då går frå ein svært "bissy" shoppingverden, inn i gamle tider med ei roleg gata, minimalt med bilar og berre "black and white house" (hus frå kolonitida til engelskmennene) på begge sider.


Tapasen dei serverar er supergod, same med drikkevarene:) Og kikkar du opp medan du sit på uteserveringen til Que Pasa, er det dette du ser:)


Etter tapas på Que Pasa kan ferden gjerne gå vidare til favorittbaren til meg og Lise i Singapore, Bar Stories. Det er ein bar som ligg i ein av favorittgatene (farvorittar på rekke og rad...) her i Singapore, Haji Lane. På Bar Stories har dei ikkje noko barkart, du fortel bartendaren kva for smakar du likar, så miksar og triksar dei, og slik blei resultatet vårt forrige veka:


søndag 20. april 2014

Hjerter

I går reiste Marit og Lise attende til Norge, og med det var besøkskapittelet i vår asiatilværelse over (ihvert fall så langt me veit....:)) Stor stas når besøket kjem, og dessto meir trist når dei reiser.. men det er jo fint at det no kun er 7 laurdagar til me kjem etter:) 

Torsdag var me i botanisk hage og gjekk gjennom orkidehagen, eg har vore der ein gong tidlegare, men det er ein stad ein ikkje kan få vore innom nok. Prøver å hente inspirasjon til vårt eige hageprosjekt når den tid kjem, men det går nok hakket tregare å få ting til å voksa og gro der me skal bu, enn her med 32 grader i snitt, sol og regn heile året....:) 
 Ser nokon påskeharane?:)
 Så vakre fargar...
 og her fant Solveig eit blad som var akkurat som eit hjerte:
  stemning...:
her fekk eg fanga alle påskeharane inni eit stort bur:

onsdag 16. april 2014

Påskeaktivitetar

Mandag tenkte me skulle vera ein god dag i Universal Studios, med bra dag meinar eg, ikkje så mykje folk. Der tok me feil gitt. Sjølv om ikkje Singapore eller store delar av asia feirer påske slik som oss, så er det mange på ferie her i desse dagar. Men shitt au, då var det berre å oppgradera 6 månaders passet vårt (om ein skal til Universal Studios meir enn ein gong så lønnar det seg å enten kjøpa 6 mnd inngangsbillett eller evt 1 års kort) til slik "fast track" pass. Det betyr at ein kan rusle forbi heile køen og kome fyrst fram til alle karusellar. Det var verkeleg verdt pengane og det kjentest vidundarleg å gå rett fram og stå fremst, når mest alle andre skulle stå 80 min i kø.... Her er me glade og nøgde, men dog litt for varme... som de ser det var ein dag med skyfri himmel i Singapore: 
Ellers har Solveig vore hjå tannlege. Det var ein flott oppleving. Tannlegen som vandrar rundt i private klede og høge hælar tok imot oss og var superflink med Solveig. Ho hadde ellers med seg to assistentar (den andre assistenten var for augonblinken ute og henta noko greier når bilete blei tatt) som gjorde sitt beste for å gjere oppholdet så smertefritt og greit som mogleg. For det meste kunne Solveig liggje og sjå på teiknefilm (tv i taket) med sine utdelte 3D briller:) Og takk og pris, så var det null hull!
Til påsken høyrer det også gourmet måltider, og denne gongen valde me å ta lunsj på "The Line", ein av dei aller beste lunsjane (har eg høyrt frå fleire ulike kilder) her i Singapore...:)
Og The Line infridde på alle frontar. Skulle gjerne hatt meir enn ein mage.... her er mine utvalgte ting frå eit bugnande dessertbord. Isen var fantastisk, heimelaga vaniljeis....
Og så endeleg har me fått med oss Night Zafari. Trass litt startproblem og litt for mykje folk, så var det verkeleg ein flott oppleving. Men det er viktig å unngå dei store køfellene! så om me skal gå dit igjen, så veit me akkurat korleis me skal leggja opp løpet neste gong.... Her er Sovleig, Fredrik og tante Lise klare til å innta parken: 
 Men mest av alt kosar me oss framleis i bassenget og ved bassengkanten:)

søndag 13. april 2014

Påskeferie

Så er vår tredje påske i Asia igong. Me anser oss sjølve som meir og meir "typisk" norske, og er rimleg sikre på at dei neste påskane i overskueleg framtid kjem til å foregå med eit kaldare element enn bassenget kring oss, men i år så blir det "bassengpåske":
Me klarar oss fint utan snø ein påske til sidan farmor og tante Lise har kome på besøk!!, så for andre gong blir det "velkomstbilete" med farmor på verandaen:)
Ettersom det er påskeferie blir det mykje aktivitet lagt opp etter borna sine behov, men fredag var skuledag og då nytta me sjansen til eit roleg kafe besøk i Orchard road: 
der me kunne skue utover både interessante og mindre interessante bilar...., men plutseleg dukka bilen til Lise opp jo!!:
Ellers er det viktig å kome seg både ut og opp på nokre rooftoppar. Her er ein god Svelvik-gjeng samla på "Level 33", ein restaurant, bar og mikrobryggeri som ligg midt i smørauga nede ved Marina Bay:
 Eit stk "tasting paddle", ein stk frozen margeritha og ein stk veldig nøgd Lise:)
Dette bilete måtte jo med sidan lyshowet traff så perfekt:) 




tirsdag 8. april 2014

Puppet

Solveig har denne veka diverse lekser som går på "How we express ourselves".  Så forutan å syngje og danse, teikne og male, var der også ei oppgåve som gjekk på å lage "puppet" -be creative and use your imagination, stod det... Hmmm, me har på sett og vis juksa litt, for etter nokon litt for vanskelege forsøk på å lage kanin og diverse andre dyr på frihand, fant me god hjelp på youtube, og er supernøgde med resultatet ikveld:) Her er eselet til Solveig: 
 Eselet ilag med ein annan fyr som me ikkje heilt veit kva heiter:
Fredrik er jo med på det som Solveig gjer, men han blei litt lei altså. Får gje eselet og han andre fyren utan navn, auger og ellers det som manglar i morgo:)

søndag 6. april 2014

Golden Prawn

No har desse to kome seg vel heim att til Vik og har allereie rekt å senda oss bileter frå Vikafjellet med ski på...
Men medan mammen og pappen var her, hadde me oss ein dagstur til Batam. Det er ei av dei tusenvis av øyer (over 13000 faktisk i fylgje wikipedia...) som er med og utgjer republikken Indonesia. Batam ligg ca 1 times tid med båt frå Singapore, så det er for ein liten utflukt å rekna. Men når ein tek med at det var bra med styr for å kjøpe billettar (ekspiditøren må vera heilt ny eller heilt ubruk.... brukte over ein time på å skaffe oss billettar med båten, som jo er ein vanleg "rutebåt" som går mellom to havner) og at immigration i Indonesia var lite vennlige, så fristar det ikkje så veldig til å ta ein slik rask tur igjen. For å klaga litt meir her, så må ein ha visum for å koma inn i indonesia. Det er enkelt å få tak i, og det er ein grei pris på 10 USA dollar. Ja, ein må faktisk ha us dollar, og visumet er som å kjøpa ein billett. Mao det er ikkje noko skjema å fylle ut og om du har noko kriminell bakrunn er det heller ikkje noko problem, det er kun ein "skatt". Det er greit nok. Det som er maksimalt irriterande er at, om ein ikkje betalar litt ekstra forut for denne billetten kalla visum, og velgjer å kjøpe det når ein kjem i land i Indonesia, så må ein stå i ein eigen passkø VOA (visa on arriwal). Den passkøen blir ekspidert av 1 pers og den personen var nok trena i å gjera jobben ekstra tregt. For medan dei andre ekspiderte 200 mennesker på 20 min, så hadde denne karen meir enn nok med å ekspedera 10 pers på 1 time... ååååå som eg haaaatar kø!!

Vel, vel. Me kom oss til Indonesia til slutt, hadde lite planar for dagen forutan å vitje ein restaurant me fekk anbefalt, "Golden Prawn".:
Der går ein rundt og plukkar ut den sjømaten ein ynskjer -medan sjømaten framleis er sprell levande:
 me valgte blandt anna denne fisken:
 og denne hummaren:
 og så var det berre å setje seg å vente medan maten blei forberedt:
Velbekomme...: Fredrik tykkjer ikkje noko om å drepe dyr for å ete dei, så han avsto frå å smake både på hummaren og fisken:
Solveig og Fredrik hadde scenen for seg sjølv og nytta moglegheiten til å holde danseshow for liten og stor:
Etterpå køyrte Fredrik og Lars Petter gocart. Gleda var stor forut, men det visste seg at bilen gjekk aaalt for sakte...., så Solveig gadd ikkje å prøve ein gong:
Den beste opplevinga på dagsturen var nok køyreturen me hadde til/frå båthavna. Ein kjem jo verkeleg til ein annan verden når ein entrar Indonesia frå Singapore. Bilkøyringa er reine "galskapen" å vera vitne til:) men farten var ikkje så stor der me køyrde og så sat me i ein litt større og tryggare bil enn dei fleste andre...

Så var me på veg heim igjen. Her skimtar me Marina Bay Sands i det fjerne, frå sjøsida, som der den andre sida enn me vanlegvis ser den