Sider

mandag 28. april 2014

Global Picnic

På laurdag arrangerte OFS ilag med foreldre frå alle land "Global Picnic". Det skulle visa seg å vera eit kjempearrangemang for alle:) Her skundar me oss avgårde for å koma fram itide:) 
Frå scena var det underholdning av ulike karakter heile dagen, frå skulesymforni, jenteband, guteband, fashion show, dans mm:
Det heile byrja kl 2, og 5 min på 2 byrja det å bøtte ned, det lynte og tordna, så dei som var litt for seint ute rakk å bli skikkeleg gjennomvåte på dei siste meterande til skulen (slik som oss, hadde ca 50 meter igjen når det byrja, og då var me heilt gjennomvåte når me kom oss under tak...., gjer jo ingen ting, er framleis gode 32-34 grader, så ingen blir kalde):
 OFS har mest 4000 elevar idag frå 73 land!, flaggborga:
Og alle landa (trur eg) var representert på matstanden, med spesialitetar frå sitt land, fritt for alle til å gå rundt og kikke og smake på:)
Norge stilte sterkt med lakserulade, vafler og bollar:) og det var kø kring matbodane så lenge det var mat igjen.
Men Global Picnic handla ikkje berre om mat og underholdning, det var også ulike aktivitetar for borna, hoppeslott, karuseller, diverse leiker, konkurransar... Eg volunterte i 30 min på eit hoppeslott/ sklie, og eg skal love dykk at å holde orden på ungane gjorde at eg var meir våt etter denne innsatsen enn eg blei av regnet på veg til skulen.... he he:
Når regnet letta, så blei det litt betre plass, på fotballbana voks det fram det eine hoppeslottet etter det andre til stor stas for ungane, som var nokså høge på gratis sukkerspinn, brus og is heile dagen.....: 
 Australia stilte opp med galge og kasting av VÅTE svampar.... ein stor hit å stå og sjå på:)
 Her kan de sjå kor folksomt det var kring landets matbodar:
 Argentina og Colombia:
 Egypt:
 Brasil:
Trur Kazakhstan gjekk tom for mat ganske tidleg... men så var dei kanskje ikkje så mange heller frå det landet som kunne serva kring 4000 mennesker.... For det er litt av ein jobb for dei ansvarlege frå kvart land!
 Danmark,
 Og litt av vafflene frå Norge:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar