Sider

søndag 6. april 2014

Golden Prawn

No har desse to kome seg vel heim att til Vik og har allereie rekt å senda oss bileter frå Vikafjellet med ski på...
Men medan mammen og pappen var her, hadde me oss ein dagstur til Batam. Det er ei av dei tusenvis av øyer (over 13000 faktisk i fylgje wikipedia...) som er med og utgjer republikken Indonesia. Batam ligg ca 1 times tid med båt frå Singapore, så det er for ein liten utflukt å rekna. Men når ein tek med at det var bra med styr for å kjøpe billettar (ekspiditøren må vera heilt ny eller heilt ubruk.... brukte over ein time på å skaffe oss billettar med båten, som jo er ein vanleg "rutebåt" som går mellom to havner) og at immigration i Indonesia var lite vennlige, så fristar det ikkje så veldig til å ta ein slik rask tur igjen. For å klaga litt meir her, så må ein ha visum for å koma inn i indonesia. Det er enkelt å få tak i, og det er ein grei pris på 10 USA dollar. Ja, ein må faktisk ha us dollar, og visumet er som å kjøpa ein billett. Mao det er ikkje noko skjema å fylle ut og om du har noko kriminell bakrunn er det heller ikkje noko problem, det er kun ein "skatt". Det er greit nok. Det som er maksimalt irriterande er at, om ein ikkje betalar litt ekstra forut for denne billetten kalla visum, og velgjer å kjøpe det når ein kjem i land i Indonesia, så må ein stå i ein eigen passkø VOA (visa on arriwal). Den passkøen blir ekspidert av 1 pers og den personen var nok trena i å gjera jobben ekstra tregt. For medan dei andre ekspiderte 200 mennesker på 20 min, så hadde denne karen meir enn nok med å ekspedera 10 pers på 1 time... ååååå som eg haaaatar kø!!

Vel, vel. Me kom oss til Indonesia til slutt, hadde lite planar for dagen forutan å vitje ein restaurant me fekk anbefalt, "Golden Prawn".:
Der går ein rundt og plukkar ut den sjømaten ein ynskjer -medan sjømaten framleis er sprell levande:
 me valgte blandt anna denne fisken:
 og denne hummaren:
 og så var det berre å setje seg å vente medan maten blei forberedt:
Velbekomme...: Fredrik tykkjer ikkje noko om å drepe dyr for å ete dei, så han avsto frå å smake både på hummaren og fisken:
Solveig og Fredrik hadde scenen for seg sjølv og nytta moglegheiten til å holde danseshow for liten og stor:
Etterpå køyrte Fredrik og Lars Petter gocart. Gleda var stor forut, men det visste seg at bilen gjekk aaalt for sakte...., så Solveig gadd ikkje å prøve ein gong:
Den beste opplevinga på dagsturen var nok køyreturen me hadde til/frå båthavna. Ein kjem jo verkeleg til ein annan verden når ein entrar Indonesia frå Singapore. Bilkøyringa er reine "galskapen" å vera vitne til:) men farten var ikkje så stor der me køyrde og så sat me i ein litt større og tryggare bil enn dei fleste andre...

Så var me på veg heim igjen. Her skimtar me Marina Bay Sands i det fjerne, frå sjøsida, som der den andre sida enn me vanlegvis ser den

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar