Sider

onsdag 16. april 2014

Påskeaktivitetar

Mandag tenkte me skulle vera ein god dag i Universal Studios, med bra dag meinar eg, ikkje så mykje folk. Der tok me feil gitt. Sjølv om ikkje Singapore eller store delar av asia feirer påske slik som oss, så er det mange på ferie her i desse dagar. Men shitt au, då var det berre å oppgradera 6 månaders passet vårt (om ein skal til Universal Studios meir enn ein gong så lønnar det seg å enten kjøpa 6 mnd inngangsbillett eller evt 1 års kort) til slik "fast track" pass. Det betyr at ein kan rusle forbi heile køen og kome fyrst fram til alle karusellar. Det var verkeleg verdt pengane og det kjentest vidundarleg å gå rett fram og stå fremst, når mest alle andre skulle stå 80 min i kø.... Her er me glade og nøgde, men dog litt for varme... som de ser det var ein dag med skyfri himmel i Singapore: 
Ellers har Solveig vore hjå tannlege. Det var ein flott oppleving. Tannlegen som vandrar rundt i private klede og høge hælar tok imot oss og var superflink med Solveig. Ho hadde ellers med seg to assistentar (den andre assistenten var for augonblinken ute og henta noko greier når bilete blei tatt) som gjorde sitt beste for å gjere oppholdet så smertefritt og greit som mogleg. For det meste kunne Solveig liggje og sjå på teiknefilm (tv i taket) med sine utdelte 3D briller:) Og takk og pris, så var det null hull!
Til påsken høyrer det også gourmet måltider, og denne gongen valde me å ta lunsj på "The Line", ein av dei aller beste lunsjane (har eg høyrt frå fleire ulike kilder) her i Singapore...:)
Og The Line infridde på alle frontar. Skulle gjerne hatt meir enn ein mage.... her er mine utvalgte ting frå eit bugnande dessertbord. Isen var fantastisk, heimelaga vaniljeis....
Og så endeleg har me fått med oss Night Zafari. Trass litt startproblem og litt for mykje folk, så var det verkeleg ein flott oppleving. Men det er viktig å unngå dei store køfellene! så om me skal gå dit igjen, så veit me akkurat korleis me skal leggja opp løpet neste gong.... Her er Sovleig, Fredrik og tante Lise klare til å innta parken: 
 Men mest av alt kosar me oss framleis i bassenget og ved bassengkanten:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar