Sider

søndag 13. april 2014

Påskeferie

Så er vår tredje påske i Asia igong. Me anser oss sjølve som meir og meir "typisk" norske, og er rimleg sikre på at dei neste påskane i overskueleg framtid kjem til å foregå med eit kaldare element enn bassenget kring oss, men i år så blir det "bassengpåske":
Me klarar oss fint utan snø ein påske til sidan farmor og tante Lise har kome på besøk!!, så for andre gong blir det "velkomstbilete" med farmor på verandaen:)
Ettersom det er påskeferie blir det mykje aktivitet lagt opp etter borna sine behov, men fredag var skuledag og då nytta me sjansen til eit roleg kafe besøk i Orchard road: 
der me kunne skue utover både interessante og mindre interessante bilar...., men plutseleg dukka bilen til Lise opp jo!!:
Ellers er det viktig å kome seg både ut og opp på nokre rooftoppar. Her er ein god Svelvik-gjeng samla på "Level 33", ein restaurant, bar og mikrobryggeri som ligg midt i smørauga nede ved Marina Bay:
 Eit stk "tasting paddle", ein stk frozen margeritha og ein stk veldig nøgd Lise:)
Dette bilete måtte jo med sidan lyshowet traff så perfekt:) 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar