Sider

tirsdag 22. april 2014

To gode barer i Singapore

Ein av favorittstadene i Singapore for mat og drikke, er Que Pasa. Det beste med Que Pasa er at den ligg i gangavstand frå oss og at den ligg i ei superkosleg gata, Emerald Hill Road. Emerald Hill Road startar som ein avstikkar frå Orchard Road i den eine enden, der ein då går frå ein svært "bissy" shoppingverden, inn i gamle tider med ei roleg gata, minimalt med bilar og berre "black and white house" (hus frå kolonitida til engelskmennene) på begge sider.


Tapasen dei serverar er supergod, same med drikkevarene:) Og kikkar du opp medan du sit på uteserveringen til Que Pasa, er det dette du ser:)


Etter tapas på Que Pasa kan ferden gjerne gå vidare til favorittbaren til meg og Lise i Singapore, Bar Stories. Det er ein bar som ligg i ein av favorittgatene (farvorittar på rekke og rad...) her i Singapore, Haji Lane. På Bar Stories har dei ikkje noko barkart, du fortel bartendaren kva for smakar du likar, så miksar og triksar dei, og slik blei resultatet vårt forrige veka:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar