Sider

torsdag 1. mai 2014

Presidentpalasset, "Istana"

Når me sit på verandaen vår så skuer me utover Singapore og nerast her ser de eit stort grøntområdet som husar residensen til presidenten i Singapore: 
Her peikar Solveig på huset til presidenten. Me ser om han er heime ved å fylgje med på det raude flagget på taket, som på dette bilete ikkje var heist og då altså mannen ikkje heima..:) 
Eg har i lengre tid irritert meg litt over at det er avsatt eit så stort området til dette formålet midt i sentrum, utan at offfentligheiten har noko tilgang. Heile området er svært godt gjerda inn og endå betre bevokta av vakter og politi. Men så "plutseleg" igår fekk me nyss om at området er opent for publikum nokre dagar iåret!:) og i dag er ein av dei. Då måtte me berre ta turen ned for å stige innom porten og sjå kva som skjulte seg bak. Kø må ein rekna med ved slike anledningar, men porten er veldig nærme og det var grei framgang i køen så me rakk ikkje å bli alt for mugne før me kom oss innforbi...:) 
 Og det var litt av ein park som møtte oss... vakkert:


 Ein annan kar som var ganske nøgd med å vera på innsida også:)
Og så var me der! "Istana" er navnet på palasset. Det blei bygd av dei britiske koloniherrane i 1869 og blei overgitt til Singapore når dei blei sjølvstendige i 1959. Og i dag kan de sjå at mannen er heima:)

Me kunne og koma inn i sjølve palasset. Det var svært staseleg, ikkje noko meir å sei om den saken 
(men ikkje lov å ta bileter inne). 
Så var me alle hoppande glade for at me hadde fått moglegheiten til å koma inn i denne parken og vitja presidenten i Singapore:

Nokon litt meir nøgde med hoppebilete enn andre... men til mitt forsvar (ehh, så hadde eg jo nokon ekstra kilo på nakken!! sjølv om Lars Petter hardnakka påstår at det ikkje hadde gjordt noko forskjell for spensten min...)
 Kanon var det og her inne, og heilt bakerst i bilete så skimtar de Marina Bay Sands:





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar