Sider

mandag 5. mai 2014

Wai King

I går var me på cruise i farvatnet kring Singapore:) DNV har i lag med nokre andre norske selskap ein båt som dei ansatte kan disponere etter gitte reglar og tider. Me har selvfølgeleg ikkje fått dette heilt med oss, så me var veldig nøgde då me blei invitert med og strålandes nøgde etter endt tur! Dette var noko me så absolutt skulle gjordt fleire gongar!:) På veg inn i båthavna for å finne båten:  
 Og der var den... WAI KING, eg hadde høyrt det skulle heite Wai King, men hadde meir vente Viking...:)
To særs glade born på taket på båten og klare for å fresa utover havet:) 
 Og ei lika glad og nøgd mor. Sjå dette dekket på taket!! wow:)
Så var det berre å få på solkremen og nyta ver og (heldigvis!!) litt vind, for no er det varme dagar her... samt utsikten frå sjøsida:
 Køyrde forbi kontainerhavna og alle tilhøyrande båtar:
 så no veit me korleis flyttelasset vårt blir frakta over dei sju hav heim til Norge om ganske få veker:
 Singapore...:
 Me nermar oss stranda me skal leggja til ved:
Enten kunne me symja iland eller prøve lukka med gummibåten. Gjekk greit til land, men attende til båten funkta det best med ein symjande motor enten framme eller bak (Lars Petter):
Litt meir av båten, sjå kor mykje plass det er på dekket! Fekk og sett eit fenomen eg ikkje har sett før, bak denne vakre skya, kunne me sjå ein regnboge, som desverre ikkje kom noko særleg fram på bilete, og det forundra meg då eg ikkje forstod kvar regnet var henne...
 Blå himmel, vakre skyer og flagga som vaier i brisen:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar