Sider

lørdag 7. juni 2014

17 Mai og andre hendingar

Då er me inne i dei siste timane av vårt asia eventyr. Sjølv om me alle fire har gleda oss masse til å flytta heimatt, må eg innrømma at det har vore litt blanda følelsar den siste tida... 

Tida går nok like fort her som den gjer for alle heime, og ihvert fall no når ein ser attende så har dagane susa avgårde. Eg har vore så heldig og klarte å "presse" inn to jenteturar heilt på tampen av oppholdet (Shanghai! og Siem Reap/ Kambodsja), samt at det har vore ekstra mykje voluntering på skulen siste månaden, og vips så var dagen komen for pakking og flytting. 

Fredrik har siste månadane vore med på taekwondo. Bestevennen i klassen har holdt på lenge, men det sat langt inne for Fredrik. Når han fyrst kom igong, så var det kjempekjekt. Dette er ein heilt ny idrett for oss alle, og det er vel ikkje heilt i tråd med norske barneidrettsbestemmelsar å gå til grading når ein er 3,4 og 5 år....?:) men ihvert fall er det slik når ein har lært seg eit vist mønster med røyrsler (pattern) så kan ein gå opp til ein prøve og om ein består så rykker ein oppover i hierarkiet til neste farge på belte. Fredrik blei klarert for å gå opp til sin fyrste grading (grading er noko som foregår kvar 3 månad) og sit her klar i midterste rad nr 3 bakfrå...: 
Han hadde stega inne i søvne og blinde, og takk og  pris for det for han sin del, for eg blei også reint nervøs av alvoret som prega gradinga. 

Så har me feira 17 mai i Singpore. Eg har vore med i 17 mai komiteen her i år, og lært mykje frå det... Hadde eigentleg bestemt meg for å gå for kjole på den store dagen, men etter å ha sagt noko om det på facebook kvelden før, auka presset svært, så då blei det bunad!
 Det var pynta til skikkeleg fest i Fort Channing Park:
Og i tillegg til mange aktivitetar for borna, var det ein "slangemann" som kom og viste fram den største slangen eg har sett.... 
Solveig har hatt sin avslutningskonsert, her ser de alle grade 1 elevane, mange!! og konserten vara i mest 1 time. 
Kindergrten 1, der Fredrik går, hadde sin fyrste opptreden på den store scena med "Zoo on the Move". Dei song nokre songar ilag alle klassane:  
 Før Seals Class, som er Fredrik sin klasse, hadde dansoppvisning. Dei var berre sååå flinke...:

 Her er klassen samla etter forestillinga:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar