Sider

mandag 23. juni 2014

Snipp, snapp snute...

Så var altså asiaeventyret offisielt ute ... Etter at eg har blogga ganske så aktivt i to år, og hatt ei gradvis nedtrapping no siste året, så er det på tide å leggja bloggen på hylla (ihvert fall denne bloggen, får no sjå, kan vere eg startar ein ny, om livet på garden, eller livet som fruktbonde.... he he). Me har ei supergod minnebok frå Shanghai, og fine minner frå Singapore, og forfattaren sjølv har lært mykje og hatt mykje glede av (tidsfordriv...) undervegs. 

Det har blitt litt få innlegg frå Singapore, så her på tampen tek eg med eit bilete ein ofte kan sjå på toaletta der, og når ein har levd i asia ei stund så skjønar ein jo at dette ikkje er ein spøk, men absolutt nødvendig .....:) 
Så var alt pakka.... no er desse kassana på veg over havet og kjem til Høyen om berre nokon få veker:
Verandaen blei plutseleg ganske stor når møblane blei pakka vekk... Ein flott stad å sitje på kvelden når sola var gått ned!
 Siste 3 dagane budde me på hotell, her frå det siste badet før avreise:
Det absolutt tristaste med å reise frå Singapore, var å reise "ifrå" Yan som har budd med oss siste året.  Er me heldige så får me besøk av ho neste sumar....:)
Plutseleg var me komne heimatt, Solveig har vore og helsa på klassekameratar på Berger skule og Fredrik skal etter 3 år på "skule" attende og leike i barnehagen:) det kjennest godt!!...., og Håøen viste seg frå si beste side. Sol og blå himmel, og her er garden der me skal byggja og bu heretter:
Og så skal me, forhåpentlegvis..., hauste plommer og anna frukt om ikkje så lang tid, Fruktgården AS er ein realitet, og over 4000 plommetrær er allereie i jorda:
Om ikkje mange dagane er eg attende på jobb, og då er det ingen annan stad som er betre å runde av 3 års permisjon (har jo hatt sumarjobb dei to siste åra då!:)) enn i Vik! og i Vik råder idyllen som aldri før... Slåballen har sin renessanse om dagen, alle spelar det, nett slik me gjorde i mine unge dagar i Gallilea, her er det nabokamp på Følid, og Solveig og Fredrik er allreie godt inne i reglane:

 Om ein heller vil, kan ein rusle ein tur ned på fotballbana og skyte litt på mål:
og eg har denne gongen henta fram igjen gamle kunster- rulleski!
Måååå jo berre det med verdens flottaste rulleskitrase!:
 og idag har me prøvd fiskerlukka, her er det blåskjell som blir knust for å skaffe agn:
Takk til alle som har lese det eg har funne på å skriva om!:)

1 kommentar:

  1. Tusen takk for innblikk i ein eksotisk livsstil. Kjempekjekt å fylgja dikka. Lukka t m bondelivet.

    SvarSlett