Sider

mandag 23. juni 2014

To herlige turar

No når eg er attende på norsk jord, så er det med stor takknemligheit eg tenkjer på dei to turane eg fekk "pressa" inn på tampen av asia eventyret mitt. 17 mai feiringa var ikkje heilt over då Therese, Trine og meg tok fatt på tur til Shanghai. Eg skifta frå sognebunad til Shanghai klede på parkeringsplassen, og så bar det avgårde... 

Her har me vore på synfaring på "fabric marked" shoppinga var allereie godt igong, og me vandra gjennom gamle delar av Shanghai på veg til The Bund: 
Det var heilt fantastisk å koma attende til Shanghai! Royal Pavillion, menneska, Tianzifang, Pearl City, Wagas, byvandring,...say no more... også desse fantastiske brudepara overalt!:)
Eg var innom Singapore nokre dagar, før neste reise brakte meg til Siem Reap, Kambodsja. Eit land med store sår etter mange år med krig og borgarkrig... Dei har ein fantastisk samling av templer, nermare bestemt 72 store ruinar og kring 1000 mindre.... Bygd i tidsrommet frå 800- 1200 e.k. Her er det mest kjende, Angkor Vat, ferdig bygd 1150 e.k., og kom på unesco si verdensarvlista i 1992: 
På andre sida av vegen frå Ankor Vat, så går livet sin vante gang for lokalbefolkninga, og her er storfamilien ute på scooter tur...: 
Her er me ute tidleg om morgonen (slik i 7 tida... )i Angkor Thom. Me var, ilag med nokre hundre andre, oppe tidleg for å sjå soloppgangen over Angkor Vat tempelet, og så fortsatte me ferden direkte etterpå. Det var det beste me gjorde. I Angkor Thom var me så godt som åleine og det er verkeleg ein heilt eineståandes oppleving, i stor kontrast om ein hadde måtta gå i kø i lag med hundrevis av andre....


Her er eg og reisefylget mitt utafor, (meg fortalt- enno ikkje sett den),ein kjend scene frå filmen Thomb Rider med bl.a Angelina Joly.... Crystal i blått frå USA og Maria frå Argentina. Noko av det fine med å leve ute i verden slik, ein kjem i kontakt med folk frå ulike land og kulturar:)
All jobben som er gjordt med tempela og utsmykkinga er ikkje mogleg å begripa og endå vanskelegare å setja ord på... overalt, på alle steinar så er det vakre utskjeringar! Og sidan det er i stein så har det holdt seg på utruleg vis:
Sjå dei vakre fjesa:
Ein annan stad me var innom, var "The Floating City", eller vannby på godt norsk:) som ligg i/ ved innsjøen Tonlè Sap. Ein innsjø som veks og minkar enormt alt ettersom kva for tid på året ein er inne i, i tørkeperioden er den nede i 2700 kvm og i regntida veks den opp til 16000 kvm! Her ser de born som er ute i sjøen og leikar i front av vannbyen. Då ser ein og at det ikkje er så djupt vatn på denne tida av året:
Ordet vannby forklarar seg sjølv ganske godt, her bur menneska i små hus bygd oppå båtar/ flyte brygger. Guiden vår fortalde at menneska som bur her er blandt dei fattigaste. Her har dei gratis "tomt", samt at staten forsyn dei med ris og drikkevatn. Her ser de eit av husa på litt nært hold, her er det også laga grind så ikkje minstemann skal gå rett ut...:
Kyrkje var det og laga til landsbyen:
Inne ved land, ganske så langt innover vil eg sei, stod desse husa bygd oppå høge pålar. Det kjem av at når innsjøen veks så blir også desse husa liggandes midt i innsjøen som dei som bur i båtar:
I desse husa budde det mange born, og dei kom springandes mot oss og prata og var så glade og nydelege... Nokon av borna siganliserte tydeleg at dei ville sjå på bileta eg tok, og blei supernøgde når dei kunne sjå bileter av seg sjølv...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar