Sider

lørdag 16. mai 2015

105 000 jordbærplanter

Så var tida komen for neste utplantingsprosjekt i Fruktgården, denne gangen jordbær. Plantene har reist frå Steinkjær til Svelvik og etter ankomst er det om å gjera å få dei i jorda så fort som mogleg. Hadde vore kjekt å skreve at det gjekk som ild i turt gras å plante ut dette, men det gjorde det absolutt ikkje, det gjekk i 0,5 km/t og det er ikkje særleg fort... Her er baksida av låven der den nye traktoren jobbar med organisering og logistikken før plantestart: 
Det er mange "mann" i arbeid, men takk og pris for moderne ting (?) som jordbærplantemaskin! Hadde vore rimeleg tidkrevjande å gjort denne jobben for hand. Her trengst det 1 som sjåfør, 4 til planting, 1-2 til å fylle på planter og 1-2 som går etter og ser til at alle plantene har kome seg velberga ned i jorda:
Her kan de sjå fine render med jordbær, 30 cm mellom kvar stilk:
Sjølv om traktoren gjekk i 0,5 km/t, så gjekk det hjulet som ein putta plantene nedi rimeleg fort rundt, og det krevdes konsentrasjon heile tida! Ein har 2,1 sekund på seg mellom kvar plante:
Stilstudie:) God styrketrening/ holdningstrening for ryggen dette! og fint å kunne byte på jobbane innimellom:
30 mål med jordbær tok akkurat 30 timar, her har ein kome eit godt stykkje på veg, men ein ser nypløydd land bakom som ventar: 
Så var plantene kome i jorda og me kan nyte ein idyllisk utsikt frå jordet, og drøyma om gode avlingar i åra som kjem:) 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar