Sider

onsdag 27. mai 2015

Bifolket til gards!

Oi oi oi, då var me i gong, ikveld har eg og Line vore å henta bifolket vårt! Og me kjenner oss ved godt mot og passleg rusta for oppgåvene som ventar:) Her har me akkurat bært heilkassane med bier på plass. Line har kledd seg tidsriktig då ho har påteke seg jobben med å opne "dørene" i kubene når me har fått dei på plass (for på dette tidspunktet trudde me det kom til å vere litt meir dramatisk å opna dørene til kubene igjen- enn det visste seg å vera....): 
Bifolket har me henta ein halvtimes køyretid herifrå. I kassane så antek ein (han som leverte dei til oss) at det er kring 20 000 bier i kvar.... Det er mange! Me tenkte tanken på kva som kunne skje om kassane ikkje var heilt tette, eller om døra plutseleg opna seg medan me køyrde bilen.... Her er fagansvarleg i ferd med å ferdigstilla bikuben med taket (ps! Eg har og fått tittel i dag, markedsansvarleg- om det skulle bli noko honning å selja då.... he he): 
Så står dei der då, og her ventar me på at biene skal få nokon minuttar på å "roe" seg etter ferden. Om ein skal flytte ei bikube av ulike årsaker, så blir det gjordt på kvelden etter at sola har gått ned då dei er roligare og dei aller fleste har gått "heim"/ inn i kuben. Så stengjer ein døra i kuben (den eine staden i kuben der biene flyr inn/ut). Deretter må ein flytte kubene minimum 3 km avgårde, om ikkje vil biene fly attende til der kuben stod før, og såleis ikkje finne tilbake til kuben sin.
 Me lytta litt på aktiviteten inni kuben- og der var det liv!!
 Før Line gjorde seg klar og opna dørene igjen:
Eg trudde biene skulle kome stormande ut, men det gjorde dei ikkje akkurat, det skjedde ingen ting! Etter nokon sekundar så kunne me sjå nokon bier trippe på kanten av opninga, men ikkje heilt ut, før dei liksom trippa tilbake. Eg og Line såg på kvarandre og blei mest litt rørt... ;)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar