Sider

søndag 31. mai 2015

Fyrste bikubesjekk

Etter at bikubene kom på plass har det vore mykje vær (dvs regn) og då kan ein ikkje stelle bikubene- altså opne dei for å sjå korleis biene har det. Men me har vore på inspeksjon fleire gongar og kikka på biene som flyr inn og ut. Solveig og Fredrik på veg til sin fyrste inspeksjon: 
 Dei var ganske nøgd med tingenes tilstand, men lurer veldig på når honningen kjem!;)
Biene jobbar no for fult med å byggje opp bestanden sin og dei er fantastisk gode på arbeidfordeling. Dronninga går rundt og legg egg heile tida (etter ein parring så kan ho leggje egg i fleire år, dvs fleire hundretusener av bier kan ho gå god for!) og resten av arbeidsstokken syter for reingjering, utbygging av kuben og henting av mat (pollen). Når ein ser nerme på biene, ser ein kva for blomar dei har vore og henta pollen ifrå (fargen på pollenet):
I dag var været godt, og me skulle ut på vår fyrste bikubeinspeksjon. Læringskurva har vore bratt, og me var, merkeleg nok, ikkje nervøse, berre veldig spente på å sjå lynnet på bifolket:), kor mange dei var, om me kunne finne dronninga osv... Me løftar av lokket og gjennom dronninggitteret kunne me kikke ned til biene og få eit fyrsteinntrykk av korleis det stod til i kuben (dronninga er mykje større enn alle dei andre biene, så ho kjem seg ikkje gjennom her). Det såg kjempebra ut! og dei virka også svært rolige:
Fredrik står klar med røyken (som blir brukt for å roe ned biene) og eg løfta opp bretta og inspiserte ilag med fagansvarleg:) Mykje yngel, mykje bier, litt honning.... og me såg dronninga i begge kassane! morro altså. 
Det var heilt på sin plass å byggje ut kuben så biene får meir plass, så her kan de sjå at kubene har vokse:
Dagens arbeidslag på veg heim etter endt jobb, godt nøgde med det som blei sett, og med god tru på at det skal bli ein smakfull honninghaust!:) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar