Sider

tirsdag 19. mai 2015

I bigården

Då nermar det seg at me kan kalla oss birøktara, Line og meg. I går blei bikubene (to i talet) levert til ein birøktar i Sande som skal fylle dei opp med bifolk, så vips, om nokre dagar kjem dei fyrste dyra til gards....;) Det blir spennande! Her er me i dei nye dressane våres, Line som er fagansvarleg til høgre, og eg (som ikkje har fått noko tittel enno) til venstre.... ;) 
Me gjekk hardt ut og skulle starte opp med ein fjerdedels årsverk (eit årsverk= 250 kuber) med bier her tidligare i vinter, men etter å fått litt innblikk i birøkterverdenen så var lettelsen stor når me skjønte at det var HEILT greit for oss begge to å gå litt lettare ut og starta med ei kube kvar...;)

Fagansvarleg har fulgt kurs i vinter, medan ho utan tittel var i New York og/eller på jobb på kursveldane og har kompansert slik passeleg med sjølvstudier... Håpar at kompetansen tek seg opp etterkvart som ein får praksis utover, og etter fyrste dagen i bigården så følest det litt som å lære seg å spele på eit instrument, ein kan lese og sjå mykje i bøker/ film, men det kan ikkje samanliknast med å stå der ved kuben og løfta opp lokket og det strøymer på med tusenvis av bier. Fyrste gongen måtte eg konsentrere meg skikkeleg og puste langt ned i magen for ikkje å få panikk og springe vekk...

Me er superheldige og har fått ein "mentor" rett i nærleiken her, så for nokre veker sidan var me på vårt fyrste besøk i bigården hans, nokon bikuber som ikkje har vore opna sidan i fjor haust:
Her er Line igong, løftar opp ei ramme og så blir det studert korleis biene har hatt det gjennom vinteren:
 Og det går heilt greit å holde dei tett intil for å sjå godt:
 
Fredrik er fram til no familiens honningekspert, og han har venta i spenning og med stort tolmod (?) på å få vera med til bigården. Eigen dress har han, så her står eg og han klare for å vera med på kurs nr to i bigården med mentoren vår igår:  
Fredrik måtte og puste litt i magen dei fyrste minuttane når ein opna ei ny kasse, men han blei relativt fort varm i trøya, og kom nerme og fekk sett og lært mykje nytt. I går såg me ei bie bli født, samt dronninga som går rundt og legg egg. Eg er usikker på kor mange bier ho produserar pr sesong, men det er slett ikkje få, for det kan vere opp mot 60 000 bier i ei bikube, og dei lev i kun 3 veker....
På verdensbasis, såvel som i Norge, så er ein urolige for biene. Dei er svært viktige for verdens matproduksjon og ein lurer på kvifor ein opplev så stor biedød. Her kan de gå inn på ein artikkel frå gårsdagens DN og lesa: 
http://www.dn.no/nyheter/utenriks/2015/05/18/0925/-totalt-sjokkerende






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar