Sider

mandag 11. mai 2015

Flaggtid

Om kort tid har det gått eit år sidan asia eventyret vårt opphøyrte og med det så blei også bloggen lagt på hylla. No har eg tenkt å koma sterkt attende med historiar og innblikk i bonde "eventyret"...?;)Når me flytta attende til Norge, så byrja me og på eit nytt kapittel i livet, med å ta over gardsbruk og oppstart av Fruktgården AS. Med det så fylgjer det mykje spenning i kvardagen og læringskurva kan bli bratt:) Ein av sidene ved dette er å holde orden på offentlige flaggdagar. 

Den siste tida så har været skifta frå herlige sumar dagar (der me klarte å putte inn årets fyrste bad) til ver som minner meir om haust enn mai.... Men uansett det er mai, og med mai så fyljger mange offentlege flaggdagar, og som innflyttarar på gardsbruk med flaggstang, så fylgjer det også med visse forpliktelsar! Me har satt oss som mål og fylgje opp dette etter beste evne, også slik var det på 8 mai, på sjølvaste frigjeringsdagen. Det var ein strålandes dag:
men det gjekk både ein og to timar etter frukost, samt ein tur til barnehagen og butikken før eg skjøna at det var flaggdag! Eg skunda meg heim, og kan berre bekrefta igjen, at hastverk er lastverk, og at det gjekk slik det måtte, når eg byrja heise flagget opp etter ein knute som heilt klart ikkje var "flaggknute", så datt det rett i bakken- og tauet for til tops... Eg kikka rundt meg og håpa at alle naboane var på jobb, at alle turgåara var gått forbi, samt at bilane som køyrde forbi holdt blikket på vegen slik dei burde!;)

Så var det å ringja mannen for å høyre kva som var feil med denne flaggstanga/ flagget, for sist eg heiste flagget så gjekk det rett så bra... Heldigvis hadde han ein kort dag på jobb, og kunne konstantera at heller ikkje han klarte å få tauet ned igjen utan ein litt større operasjon:
Men på ein gard, så er det som regel også ein traktor og andre hjelpemiddel, så me fekk lagt flaggstanga i bakken: 
 og kunne stolt heise flagget til tops og vera med å markera 8 mai på stasleg vis:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar