Sider

onsdag 17. juni 2015

Høge fjell og ...

Då kan me notera oss for 3 veker som birøktara, eg og Line. Det starta kjempebra, me var så godt nøgde med bifolket me kjøpte, dei såg sterke ut og me bygde på med skattekasser (altså ein kasse til oppå den andre for å gje biene meir plass- bli fleire). Men så slo det til med kaldt vèr, mykje regn og hol i erfaring og kunnskap hjå oss ferske birøktara. Når det blir kaldt og/eller når det regnar, så flyr ikkje biene ut, når dei ikkje flyr ut, får dei ikkje henta noko mat, når dei ikkje får mat- ja då døyr dei... Heldigvis så var me innom kubene ofte i starten og oppdaga at noko var feil ganske raskt. Me fekk mentoren vår til å bli med og han skjøna fort kva som var problemet og la ein plan for å kome på rett kjøl igjen. Det viste seg å vera for lite mat som førte til bie-døden, og ikkje noko sjukdom som me blei redd for ei stund. Her er me i gong med å gå over kassane med eit forsterka team med mentor og Fredrik: 
 Når ein har dreve med bier lenge, så treng ein ikkje hanskar ein gong...;)
Det blei fort liv i biene igjen (etter godt påfyll med sukker) og til stor lettelse så såg me dronninga ved kvar inspeksjon (bien merka med grønn prikk) og ho vandra rundt og ser sprek ut, og forhåpentlegvis held ho tritt med å leggja kring 2000 yngel om dagen:)
Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, og denne vetle nedturen her gjorde at læringskurva vår gjekk rett opp, altså det er i motbakke det går oppover;)














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar