Sider

Om meg

Oppvaksen i Vik i Sogn, no busett i Svelvik på Nordre Håøen Gård. Har telt litt på det og funne ut at dette er 15 stoppestaden etter eg flytta heimafrå når eg var 16, det gir ikkje lange stunda på kvar stad... Men etter å budd mange flotte stader i Norge, USA og Asia, så reknar eg med at eg no skal vere i ro her ei stund. Forutan dei to borna som gjer det viktig å holde seg i ro, så har me gått over i bøndenes rekkjer som krev sitt. Me har ingen planar om å få dyr å stelle med, slik som eg tradisjonelt forbind med det å vera bonde. I hvert fall ikkje større dyr enn bier, for i desse dagar ventar eg på mitt fyrste bifolk! Men, me har stor hage som må holdast i hevd samt "Fruktgården AS" som er inne i sitt andre driftsår og som straks vil produsera både plommer, epler, jordbær og bringebær.

Dei som vil, kan lese om den spede byrjinga til ein birøktar, oppstart og utviklinga til Fruktgården og andre meir eller mindre interessante ting som dett inn i livet til gards:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar